Er det risiko for ufrivillige utanlandsopphald og negativ sosial kontroll blant barn og vaksne i din kommune?

For nokre kan eit ufrivillig utanlandsopphald innebere at dei blir utsette for negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, barneekteskap, tvangsekteskap, kjønnslemlesting eller andre former for vald og overgrep.

Publisert 12.05.2026

For å kunne hjelpe personar som er redde for å bli tekne med til utlandet mot sin vilje, eller haldne tilbake etter ein ferie, er det viktig at du som er tilsett i offentlege tenester veit korleis du skal handle ved bekymring. Beredskapsbrev 2026 (PDF) frå regjeringa gir viktig kontaktinformasjon og rettleiing viss du er bekymra for ein person.

Utreiseforbod

Regjeringa prioriterer arbeidet mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald høgt. I januar 2026 trådde eit nytt utreiseforbod i kraft for barn som står i fare for skadelege utanlandsopphald. Frå 15. april 2026 er det straffbart å bryte vedtak om utreiseforbod eller akuttvedtak om utreiseforbod. Beredskapsbrevet  gir meir informasjon om utreiseforbodet, samt om andre verkemiddel, retningslinjer og tenester i arbeidet med å førebyggje ufrivillige utanlandsopphald. Brevet gir òg utfyllande informasjon om kva plikter du har som offentleg tilsett dersom du er bekymra for at nokon kan bli sende på eit ufrivillig utanlandsopphald.

Beredskapsbrevet finn du på regjeringa sine nettsider: Negativ sosial kontroll og æresmotivert vald – Beredskapsbrev 2026