Psykisk helsevern
Regelverket for bruk av tvang innan psykisk helsevern blir regulert av reglane i psykisk helsevernlova og tilhøyrande forskrift. Det er oppretta særskilde kontrollkommisjonar i kvart fylke som skal sjå til at praksis er i tråd med lova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lova regulerer dei formene for tvang som er særeigne for psykisk helsevern: i hovudsak vedtak om oppretting av tvungent psykisk helsevern og vedtak om ulike former for tvangsbehandling – særleg vedtak om tvangsbehandling med medikament.
Det er strenge krav til bruk av tvang i medhald av psykisk helsevernlova. Tvang kan berre brukast der frivillig psykisk helsevern har vore forsøkt utan at dette har ført fram, eller der det er openbert formålslaust å forsøke dette. Det er ein føresetnad at pasienten har ei alvorleg sinnsliding og pasienten må i tillegg oppfylle anten behandlingskriteriet eller farekriteriet.
Klage på vedtak som gjeld bruk av tvang i medhald av psykisk helsevernlova skal rettast til kontrollkommisjonen. Alle institusjonar innan psykisk helsevern som kan nytte tvang, skal ha ein kontrollkommisjon knytt til seg. Dersom du ønskjer å klage på eit vedtak som gjeld tvangsbehandling med medikament, sender du klagen til Statsforvaltaren.
Kunngjering av offentleg verv
Ledig verv for legekyndig medlem i Kontrollkommisjonen for det psykiske helsevern ved Helse Møre og Romsdal HF – sjukehusa i Volda og Ålesund frå 1.1.2026
Publisert 22.09.2017
Psykisk sjuke får no bestemme meir
Frå 1. september er krava til grunngjeving av vedtak om tvangsmedisinering skjerpa.