Revidert rettleiing om rådgjevande eining for russaker
Helsedirektoratet har oppdatert rettleiinga for rådgjevande eining for russaker.
Publisert 19.02.2026
Den nye versjonen forklarer også korleis eininga kan bidra i det rusførebyggjande arbeidet i kommunen.
Du kan lese meir på Helsedirektoratet sine nettsider: Rådgivende enhet for russaker – Helsedirektoratet
Krav til kommunane
Sidan 1. juli 2022 har alle kommunar vore pålagde å ha ei rådgjevande eining for russaker. Kommunen kan organisere eininga slik dei sjølve meiner er mest formålstenleg.
Oppgåver for eininga
Eininga skal møte personar som har fått krav om oppmøte som del av ein strafferettsleg reaksjon. Dersom ruskontroll er sett som vilkår, er det også eininga som skal gjennomføre denne.
Kontaktpersonar
-
Ragnhild Naas
Tlf: 71 25 85 07