Førebygging av sjølvmord

Sjølvmordsforbygging i eit folkehelseperspektiv femnar breitt; relasjonell velferd, meiningsfulle livet og betydninga av å kjenna seg verdifull og dessutan tilføra verdi til andre og samfunnet. Foto: frå Stockbilder

I 2024 var det 727 personar som tok sitt eige liv. Talet er høgare enn nokon gong før. Og det går ikkje ned, til tross for nasjonale handlingsplanar og strategiar. Det må vi ta på alvor.

Publisert 04.07.2025

I 2022 starta vi folkeopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redda liv» i regionen vår. Kampanjen var ein del av handlingsplanen for førebygging av sjølvmord 2020-2025, der regionale folkeopplysningskampanjar var eit av tiltaka. Trass i stort engasjement rundt kampanjen, ser vi at talet på personar som tek sitt eige liv stig aukar.

Førebygging på ulike arenaer

Sjølvmord er eit stort samfunnsproblem og førebygging må skje på fleire arenaer samtidig. Vi må skapa gode og trygge oppvekstvilkår, gode lokalsamfunn og samtidig ha eit hjelpeapparat som både er tilgjengeleg og kvalifisert når kriser oppstår.

Årsakene til sjølvmord er gjerne komplekse, og handlar ikkje nødvendigvis om psykiske lidingar. Det er mange forhold som kan påverka, til dømes relasjonelle, individuelle og samfunnsmessige forhold. For mange kan det vere talet på livsbelastningar som blir for store. Sjølvmord må derfor sjåast i ein større kontekst.

Konferanse 10. september

Samen med RVTS-midt ønsker Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og i Trøndelag å invitere til konferanse 10. september for igjen å setja førebygging av sjølvmord på dagsordenen.

Konferansen vil ta for seg ulike sider av sjølvmordsførebyggande arbeid frå eit folkehelseperspektiv. Vi vil sjå døme på organisering og praktisk arbeid blant ungdom, og på psykososialt arbeid i møtet med sjølvmord, med fokus på kriseteam, frivillig arbeid og sorgstøtte.

Meld deg på konferansen: Selvmordsforebygging i et folkehelseperspektiv | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal