Tilgjengelege sosiale tenester i NAV-kontoret

Fylkesmannen har som oppgåve å følge med på om handtering av NAV sin kanalstrategi sikrar
gode og tilgjengelege sosiale tenester for dei som treng det.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.07.2018

I 2017 sette NAV i verk det dei kallar «kanalstrategi».  Dette handlar om korleis den statlege delen av NAV-kontoret kan levere betre tenester meir effektivt, mellom anna gjennom digital kommunikasjon med dei brukarane som er i stand til dette. Målet er å få frigjort meir tid til oppfølging av brukar inn mot inntektsgivande arbeid. Vidare at samtalene på NAV kontoret i større grad skal være planlagt og forberedt.

Dei sosiale tenestene  som er kommunale er ikkje digitalisert enno, men dette vil komme innan få år. Fylkesmannen har i oppdrag å følgje med på forhold som kan føre til svikt i dei kommunale tenestene. Dette gjer vi gjennom rettleiing/opplæring, klagebehandling, tilsyn med om tenestene er forsvarlege og at dei blir styrt godt nok av kommunen.

Fylkesmannsembeta rundt om i landet har sidan april i fjor fanga opp at NAV-kontor har redusert opningstida for oppmøte i NAV-kontoret. Fleire kontor har ope for «drop in» færre dagar i veka og færre timar. Redusert opningstid kan ha følger for kor tilgjengeleg dei sosiale tenestene er. Det er særleg retten til nødhjelp (økonomisk stønad og mellombels bustad) Fylkesmannen er uroa over. Arbeids- og velferdsdirektoratet hadde ikkje som intensjon at redusert opningstid skulle være ein del av «kanalstrategien».

Fylkesmannen valte derfor i fjor sommar å sende brev til den øvste leiinga i kommunane i Møre og Romsdal. Der bad vi om at kommunen saman med NAV-leiar følger med på om dei sosiale tenestene er forsvarlege og tilgjengelege. Brevet vi sendte ut ligg i margen på høgre side. Temaet og oppmodinga i brevet er framleis like aktuelt.

I mars i år kom «Tilsynsmelding 2017» frå Statens helsetilsyn. I den finn vi artikkelen «Nav og ny kanalstrategi – utfordringar ved digitaliseringa» som tek for seg mogelege implikasjonar av NAV sin kanalstrategi. Denne er skreve av Uni Research Rokkansenteret og Universitet i Bergen. Tema dei tek opp er mellom anna at digitalisering er nødvendig, ein del av samfunnsutviklinga og bra for dei aller fleste. Den viser likevel til at enkelte brukarar har forskjellige utfordringar med å være digitale. Vidare seier den at det å kommunisere  digitalt om offentlege tenester krev ein viss byråkratisk kompetanse. Les meir om dette i artikkelen til høgre.