Kommunane skal sikre rett og forsvarleg kompetanse i helse- og omsorgstenestene

Fylkesmannen får av og til spørsmål om kva som ligg i at kompetansen skal være forsvarleg. Nokre få krav er heilt konkrete, men generelt er det kommunen sjølv som må vurdere kva kompetanse som trengs for at tenestene skal være forsvarlege.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.10.2018

Dette kravet er forankra i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.

Forsvarlege tenester

Det er få konkrete krav til kompetanse i lovverket vårt. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester seier at: For å oppfylle ansvaret etter § 3-1 (å sørge for at personer som oppholder seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstjenester) skal kommunen ha knytt til seg lege, sjukepleiar, fysioterapeut, jordmor og helsesøster. Kompetansen skal være tilstrekkeleg for å gje forsvarlege tenester.

Fylkesmannen får av og til spørsmål om kva som ligg i at kompetansen skal være forsvarleg. Kor mange sjukepleiarar, vernepleiarar eller helsefagarbeidarar må det være på ein sjukeheim, eller i ein bustad for at det skal være forsvarleg? Det er kommunen sjølv som må gjere ei fagleg vurdering av behovet. Kva kompetanse treng vi for at denne brukaren eller pasientgruppa skal ha forsvarleg hjelp? Det er utarbeidd mange skriftlege «rettleiarar» for korleis kommunen skal legge til rette for trygge, gode og forsvarlege tenester innan ulike fag- og diagnosefelt. Desse er til hjelp for kommunen når ein skal planlegge og bygge opp gode tenester.

Innan enkelte tenester er det sett meir konkrete krav. Eit slikt eksempel er HOL § 9-9. som stiller krav til spesiell kompetanse ved bruk av tvang i tenestene for personar med utviklingshemming. Lova stiller også krav om at det skal være to tenesteytarar til stades.

Etter- og vidareutdanning

Etter HOL §8-2 skal kommunen sørge for at eigne tilsette som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, får nødvendig vidare- og etterutdanning. Samtidig står det at personellet på si side har plikt til å ta del i vidare- og etterutdanning som er nødvendig for å halde faglege kvalifikasjonar ved like. Det er med andre ord ei gjensidig plikt for kommunen å sørge for at dei tilsette har nødvendig kompetanse og at denne blir utvikla i tråd med behovet, og for dei tilsette å ta del i den kompetanseutviklinga som kommunen tilbyr eller krev. 

Auka kompetansekrav

Etter samhandlingsreforma har kommunane fått meir ansvar for pasientar med komplekse lidingar og kronisk sjukdom. Den såkalla venstreforskyvinga gjer at kommunane må ta hand om fleire også i akuttfasen, dersom diagnosen er avklart. Det blir lagt stadig større

vekt på helse- og funksjonsbevarande tiltak, og såkalla kvardagrehabilitering bidreg til at mange eldre, men også yngre personar med helseutfordringar kan fungere lenger i eigen heim.  Endringa mot meir kommunalt ansvar gjeld også for psykisk helse og rus-området. Desse tenestene treng særskilt kompetanse både for behandling og oppfølging for å hjelpe brukarane til arbeid og eit mest mogleg sjølvstendig liv. I tråd med desse, og fleire utfordringar vil det frå 2020 bli stilt krav om at kommunane også må ha ergoterapeut, psykolog og tannlege.

Teknologi

Samfunnet vårt er i stadig endring og den teknologiske utviklinga let seg ikkje stoppe. Stadig fleire brukarar opplever at teknologiske og digitale hjelpemiddel kan være til stor nytte i kvardagen. Utviklinga krev ny kompetanse frå hjelpeapparatet. Kommunane må ha basisfunksjonar som styrer meldingar og alarmar til ei trygg plattform, der fagpersonar kan ta imot meldingane og vurdere bistandsbehov og hastegrad. Dei tilsette i tenestene må ha kunnskap om dei teknologiske hjelpemidla og vite kva som kan passe for den enkelte sitt individuelle behov. Dei må i tillegg kjenne regelverket som gjeld spesielt for bruk av teknologi i tenestene.

Samhandling

Mange pasientar og brukarar har behov for at tenestene samarbeider, eller samhandlar som vi gjerne seier. Det gjeld både internt i kommunen og mellom kommunen og spesialisthelsetenestene. Ein pasient med angstproblem treng gjerne bistand til å komme ut, ta bussen og komme i arbeid. Ein trafikkskadd person treng kanskje bistand til opptrening, hjelpemiddeltilpassing, personleg assistanse og arbeidsplasstilrettelegging. Ein person med rusutfordringar treng kanskje hjelp til å skaffe seg eigna bustad, økonomisk bistand og helsehjelp til å handtere rusproblemet. Slike problemstillingar krev systematisk og tett samarbeid mellom kommunens helse- og omsorgstenester og dei sosiale tenestene i NAV.

Alle instansar har plikt til å samarbeide til det beste for pasient og brukar. Det gjeld ikkje minst der det er born inne i bildet. Evne og vilje til samhandling er ein føresetnad for å få til gode tenester og gode overgangar i tenestene.

Ferier og høgtider

Kommunens plikt til å sørge for forsvarlege tenester og forsvarleg kompetanse er den same i ferietida som elles i året. Fylkesmannen får mange søknadar frå kommunane om dispensasjon frå utdanningskravet som gjeld bruk av tvang i tenestene for personar med utviklingshemming. Spesielt mange søker om dispensasjon i ferier og høgtider. Søknad om dispensasjon kan fremjast i særlege tilfelle. Ferie er ikkje eit særleg tilfelle. Ferien kan og må planleggast i god tid. Kommunen skal sørge for at kompetansen er forsvarleg og skal fylle kompetansekrava også gjennom sommaren.

Tilskot til kompetanse- og kvalitetsutvikling

Kvalitet er avhengig av kompetanse. Fylkesmannen forvaltar tilskot til kommunane sitt arbeid med både kompetanse- og kvalitetsutvikling. Det såkalla innovasjons- og kompetansetilskotet har meir enn 25 millionar kroner til fordeling etter søknad frå kommunane i 2018. I tillegg til dette forvaltar Fylkesmannen tilskot til kommunepsykologstillingar, kompetanse og kvalitet i rus- og psykisk helsetenestene og i habilitering og rehabiliteringstenestene, samt til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV. Vi oppmodar kommunane om å vurdere kompetansebehovet i tenestene, legge gode planer for utvikling av kompetansen og søke tilskot til konkrete utdanningstiltak for sine tilsette.

E-læring

Det finns fleire gode vegleiarar og e-læringskurs som gjeld tema innan helse- og omsorgstenester, mellom anna på www.helsedirektoratet.no

Kontaktpersoner