Legeattest og automatiske straummålarar

Helsedirektoratet skriv på sine heimesider at fastlegar ikkje skal skrive ut legeattest som seier at pasientar har helseplager som skuldast stråling frå automatiske straummålarar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.03.2018

Det er ikkje dokumentert samanheng mellom helseplager og stråling frå slike målarar.

Helsedirektoratet har desse råda til fastlegar og pasientane deira:

  • Den elektromagnetiske strålinga frå automatiske straummålarar er svært svak. Det er ikkje dokumentert samanheng mellom helseplager og så svak stråling.
  • Strålinga frå straummålarane ligg langt under grenseverdiane som er sette av Statens strålevern
  • Fastlegen skal ikkje skrive ut helseattest som seier at pasienten har plagar som skuldast stråling frå ein automatisk straummålar.
  • Pasientar som kjem til legen med plager dei meiner skuldast stråling eller elektromagnetiske felt, må bli tatt på alvor. Plagene deira kan være reelle, sjølv om dei ikkje skuldast elektromagnetiske felt.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vedteke at det skal innførast automatiske straummålarar i alle husstandar innan 1. januar 2019.