Gratulerer til Rasmus Bård Dalen – tildelt Kongens Fortenestmedalje i sølv

Laurdag 14. juni fekk Rasmus Bård Dalen frå Larsnes tildelt Kongens Fortenestmedalje i sølv – ei høgtideleg og rørande stund under sumarsamkome på kaikanten i heimbygda.
Det var ein tydeleg overraska og rørt Rasmus som steig opp på scena, der ordførar Dag Vaagen stod for den offisielle overrekkinga. Publikum reiste seg i applaus – ei varm takk frå bygda til ein mann som har gitt så mykje, så lenge.
Gjennom over 40 år har Dalen vore ein utrettelig pådrivar for idrett, inkludering og fellesskap – både som leiar, trenar og initiativtakar. Han har vore sentral i utviklinga av viktige møteplassar som Larsnes stadion, kunstgrasbanen, Larsneshallen og Badehuset. I tillegg har han vore ein viktig kraft bak Hødd United – eit tilbod for utviklingshemma på Søre Sunnmøre – der han har vore hovudtrenar i over 15 år.
Med sitt varme engasjement og uløna innsats har han gjort ein forskjell for barn, unge og vaksne i bygda. Medaljen er ei velfortent anerkjenning for eit liv i teneste for fellesskapet.
Vi gratulerer så mye!
Kontaktpersonar
-
Andrea Farfan
Tlf: 71 25 85 91