Fråversføring og fråversgrensa for skuleåret 2021-2022

Unntaket frå fråversreglane blir forlenga ut september 2021. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.08.2021

Dette betyr at elevar som har fråver av helsegrunnar, skal sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråveret. Elevar under 18 år må likevel leggje fram ei stadfesting frå ein forelder, mens myndige elevar kan leggje fram ei eigenmelding. 

Fråver av helsegrunnar omfattar alt helserelatert fråver, blant anna sjukdom, skade, karantene eller isolasjon, milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle.

Dersom eleven legg fram ei stadfesting frå ein forelder eller ei eigenmelding skal fråveret:

  • ikkje førast som fråver på eleven sitt vitnemål og kompetansebevis i grunnskulen og vidaregåande skule
  • bli unntatt frå fråversgrensa