Sal av bustad/eigedom

Skal du selje bustad/eigedom for den du er verje for? Her er ei sjekkliste med ting å hugse på.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Før søknad:

  • Ta eit møte med verjehavar om sal av bustad, og kva verjehavar ønskjer skal skje med eigedom(ane) og innbuet. Finne ut om verjehavar har spesielle ønskjer. Verjehavar må samtykke skriftleg til salet (dersom dette er mogeleg).
  • Finn ut om det er innbu av spesiell verdi (kostnads messig eller affeksjons messig). Om det skal seljast må det innhentast samtykke frå statsforvaltaren.
  • Kontakt pårørande om sal av eigedomen og tømming av bustaden for innbu. Nærståande kan ikkje bestemme kva som skal skje med verjehavars eigedom og innbu, men kan ha ønskjer om innbu eller kjøp av eigedomen.
  • Dersom verjehavar er enkje/enkjemann, må verje sjekke om verjehavar sit i skifta eller uskifta bu. Er det særkullsbarn etter avdød ektefelle som kan ha krav på del av innbuet eller bør kontaktast i samband med eit sal? Verje må sjekke at han har oversikt over alle livsarvingar etter verjehavar.


Søknad om godkjenning:

  • Sende søknad til statsforvaltaren om godkjenning av sal av eigedom. Bruk søknadsskjemaet som du finner her
  • Saman med søknad må det ligge eit samtykke frå verjehavar der dette er mogeleg og innhente, samt ei stadfesting av at verjehavar har anna bustad framover.
  • Søknad om sal innbu tilknytt eigedomen sender verje samtidig, dersom det er noko av spesiell verdi (kostnadsmessig eller affeksjonsmessig verdi)

Vedtak om godkjenning av sal av eigedom må verje lese nøye når dette er mottatt.

Ved fritt sal i eigedomsmarknaden:

  • Når vedtak frå statsforvaltaren er mottatt, kan verje kontakte eigedomsmeklar eller advokat med fullmakt til å drive eigedomshandel, og hente inn tilbod på sal av bustad, og velje den som er best for oppdraget.  
  • Verje avtale møte med meklar og skriv kontrakt, gjer avtale om takstmann, fotograf, visning og når huset kan leggjast ut for sal. Verje gjev meklar ein nøkkel for visning, takstmann og fotografering.

Normalt vurderer statsforvaltaren at det ikkje er naudsynt at verje er til stades samen med eigedomsmeklar ved taksering av bustaden av autorisert godkjent takstmann, fotografering eller på visning sidan dette er ein del av den jobben som eigedomsmeklar skal gjere.  

Dersom verje er i familie med seljar og kjenner eigedomen, kan det være naturleg at verje er til stades samen med takstmannen i staden for meklar.

Ved sal til nærståande:

  • Verje må være habil til å gjennomføre ein slik disposisjon på vegne av verjehavar. Skal eigedomen seljast innad i familien krevst det difor at det vert oppnemnd ein uhilda verje. Statsforvaltaren sette då inn midlertidig verje i sak over sal av eigedomen.
  • Når midlertidig verje har fått statsforvaltaren sitt vedtak om sal, kan midlertidig verje kontakte meklar eller advokat for hjelp med kontrakt og oppgjer, jamfør vårt vedtak.

Videre arbeid etter vedtak og avtale med eigedomsmeklar:

  • Verje sikrar alle dokument og verdiar som er i bustaden.
  • Ønskjer verjehavar å behalde noko, må verje gjere avtale om lagring av dette. Desse verdiane må verje sørge for blir pakket på en god måte, og frakta til lager.
  • Verje si rolle er å sørge for avtale med firma/personar som kan ta jobben med pakking og frakting, samt ordne med endring av forsikringar på bustad og eventuell lagring.
  • Nærståande er ansvarleg for at eigedomen blir tømt for resten av innbuet. Dersom verjehavar ikkje har bestemt noko anna, kan pårørande dele dette.

Dersom det ikkje er pårørande/nærståande/venner i saka, må verje sørge for at alle verdiar blir oppbevart og lagra. Innbu og dokument med personlege opplysningar som ikkje skal takast vare på, og som det er viktig ikkje kjem uvedkomande i hende må fjernes og makulerast.

  • Verje bestiller container til det som skal kastast, og rekning vert sendt verje for betaling.
  • Verje gjer avtale med selskap som kan tømme eigedomen for resterande innbu
  • Verje gjer avtale med firma om nedvask av eigedomen etter at den er tømt (dersom pårørande ikkje tek på seg denne jobben vederlagsfritt). Verje kan ikkje gjere denne jobben sjølv mot betaling.
  • Verje held kontakt med meklar rundt sal av eigedomen og framdrifta i salet. Verje er tilgjengeleg for meklar for godkjenning av bod på eigedomen, og godkjenner desse.
  • Dersom bodet på eigedomen kjem under marknadsverdi, er det normalt meklar som kontaktar statsforvaltar for godkjenning.
  • Verje deltar på kontraktsmøte med kjøper, og skriv kontrakt. Bustadforsikring frå seljar bør teiknast (blir gjort i kontraktsmøte med meklaren etter sal og før overtaking).
  • Meklar deltar på møte med kjøper av eigedomen på overdragingstidspunktet. Det er ikkje naudsynt at verje deltar her utan at dette er et nærståande verje som har informasjon om eigedomen og ønskjer og gje denne informasjonen vidare til kjøper direkte. Det vert skreve protokoll frå dette møte som vert underteikna av meklar og kjøper.
  • Meklar sender oppgjersoppstilling til verje med kopi til statsforvaltaren, og verje kontrollerer at oppgjersoppstillinga stemmer med dei avtalar som er inngått.
  • Rekning for takstmann og fotografering vert normalt sendt direkte til verje for betaling før eigendomen er seld.

Godtgjering for arbeid med sal av eigedom:

Sal av eigedom vert kan godtgjerast etter timesats. Dersom det er brukt mange timar i saka, må verje skrive ei grunngjeving til at dette. Når det vert gitt godtgjering etter timesats, vert det ikkje gitt fast godtgjering tillegg. Alt arbeid som vert utført i denne perioden må verje skrive timeliste for.

Timelista skal innehalde dato, tidsbruk pr arbeidsoppgåve, kva arbeidsoppgåve er utført, møter og telefonsamtalar må innehalde kven møte/telefonsamtalen var med og kva var tema i møte/samtalen. Det kan berre skrivast timar for tid i telefon med meklar og statsforvaltar/verjehavar/pårørande.