Kompetanse- og tenesteutviklingstilskotet – førebels informasjon om 2026
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2026 00:00
- Målgruppe:
- Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til arbeid i helse- og omsorgstenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale og fylkeskommunale etatar vere målgruppe (t.d. NAV, barnevernstenesta, barnehagar og skular)
- Ansvarleg etat:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Kven kan søke:
- Kommune, fylkeskommune, interkommunale selskap, høgskule og universitet. Ved samarbeid er kommunen økonomisk og administrativt ansvarleg, og skal stå som søkjar for prosjektet i sin heilskap. Fylkeskommunane kan berre søkje om tilskot til kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet.
Statsforvaltaren får for tida ein del førespurnader knytt til rapportering for 2025 og vidareføring av kompetanse- og tenesteutviklingstilskotet i 2026. Nedanfor følgjer førebels informasjon.
Vidareføring av tilskotsordninga i 2026
Kompetanse- og tenesteutviklingstilskotet blir vidareført i 2026, jf. vedteke statsbudsjett. Kommunekommisjonen har føreslått at enkelte øyremerkte tilskot på sikt kan innlemmast i rammetilskotet, men dette er per i dag berre eit forslag og får ikkje konsekvensar for tilskotsordninga i 2026.
Rapportering for tilskot motteke i 2025
Kommunar som har motteke tilskot i 2025 skal rapportere på bruken av midlane. Rapporteringsfristen er 1. mars 2026.
På grunn av arbeid med ei ny rapporteringsløysing vil rapporteringsskjema bli sendt ut seinare enn tidlegare år. Kommunane treng ikkje gjere noko no, men vil få nærare informasjon når rapporteringsløysinga er klar.
Statsforvaltaren vil oppdatere nettsida når ny informasjon ligg føre.