Søk om tilskot til naturrestaurering
- Søknadsfrist:
 - 5. april 2024
 - Målgruppe:
 - Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavare
 - Ansvarleg:
 - Solveig Silset Berg og Pernille Stordal Rønning
 - Kven kan søke:
 - Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavare
 
Tilskotsordninga er ny av året og tiltaka skal bidra til å restaurere forringa natur, slik at den økologiske tilstanden blir betre.
Publisert 28.02.2024
                    
                Norge har som mål om å oppskalere restaureringsarbeidet, og denne nye tilskotsordninga er ein del av satsinga for å auke omfanget av naturrestaurering.
Tiltak som kan få midlar er:
- Planlegge naturrestaureringstiltak
 - Gjennomføre naturrestaureringstiltak
 - Oppfølging av naturrestaureringstiltak
 - Tiltak som samtidig bidreg til klimatilpassing eller til å sikre karbonlager
 
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot sendast Miljødirektoratet sitt søknadssenter. Søknadssummen for eit restaureringstiltak må vere på minimum kr. 100 000,-. Søknaden må innehalde prosjektbeskriving og budsjett. Om tiltaket er fleirårig, skal dette stå i prosjektbeskrivinga. Tiltaksområdet for søknaden skal stadfestast i kart.
- Søknadsfrist:
 - 5. april 2024
 - Målgruppe:
 - Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavare
 - Ansvarleg:
 - Solveig Silset Berg og Pernille Stordal Rønning
 - Kven kan søke:
 - Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavare