Nye rutinar for oversending av byggesaker og reguleringssaker
Fylkesmannen i Møre og Romsdal innfører no ei sjekkliste til bruk ved innsending av byggesaker og reguleringssaker til klagebehandling. Sjekklista skal sikre at alle relevante dokument er med.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal mottar årleg nærare 200 klagesaker etter plan- og bygningslova. Om lag 90 % av desse er klager i byggesaker. I ein rekke saker fylkesmannen mottar manglar viktig dokumehtasjon. Det inneber betydeleg meirarbeid for fylkesmannen å innhente denne dokumentasjonen. Mangelfull oversending bidrar slik til forseinking i saksbehandlinga.
Fylkesmannen har no utarbeida ei sjekkliste til bruk ved kommunane si oversending av klagesakane. I utfylt stand vil denne sjekklista lette sakbehandlerane sitt arbeid og samtidig gi kommunane kontroll med eigen behandling av saken og ei forsikring om at relevante dokument er med. Liknande sjekklister er også utarbeida ved andre fylkesmannsembete, og ein har god erfaring med bruk av slike.
Fylkesmannen forventar at kommunen straks tek i bruk vedlagte sjekkliste i samband med oversending av klagesakane til fylkesmannen for avgjerd. Sjekklista skal ligge som ei forside i oversendinga, og kommunen må sjå til at alle relevante dokument følgjer saken.
I samband med ovannemnte vil vi også be kommunen legge ved nummerert dokumentliste ved oversending av klagesakene. Enkelte kommunar gjer dette i dag, noko som er eit lette i saksbehandlinga. Samlege dokumenter i saken skal i utgangspunktet sendast inn, men same dokument skal ikkje leggjast ved meir enn éin gong – då dette gjer saken mindre oversikteleg.
Sjekklista og følgebrevet finn du til høgre på sida, under relaterte dokument.