Rask framdrift for Strynefjellstunnelen

– Vi gir tidlege innspel om viktige omsyn for å bidra til ein raskare prosess, seier Frank Madsøy, områdedirektør for berekraftig naturbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Publisert 27.02.2026

Stortinget har vedtatt å framskynde arbeidet med ny Riksveg 15. I november 2025 varsla Statens Vegvesen oppstart av planarbeidet. Dei er både tiltakshavar og forslagsstillar i dette vegprosjektet, som omfattar tre kommunar i tre fylke. I Møre og Romsdal er Stranda kommune planmyndigheit.

Gir innspel ved oppstart

– No i oppstarten av planarbeidet, viser vi til ulike omsyn som prosjektet må ivareta ut frå nasjonale politiske føringar, særleg innanfor natur, miljø og verdsarv. Det er viktig at desse innspela kjem allereie i starten av prosessen. Om dei kom seinare, ville dei kunne forsinke arbeidet, seier Madsøy.

I uttala er viktigheita av ein grundig konsekvensutredning vektlagt. Prosjektet må ta omsyn til natur, villrein, verdsarv og landbruk. Dei må også ha ein god plan for korleis massane som skal tas ut frå tunellen blir handtert.

– Eit godt kunnskapsgrunnlag om alle disse temaa er svært viktig når det skal bli gjort store inngrep i eit område med nasjonale og internasjonale verdiar, seier Madsøy.

Vårt felles ansvar

Saman med fylkeskommunen og Riksantikvaren skal Statsforvaltaren følge opp verdsarvområde i plansaker.

– Alle partar har interesse av at sakene er godt nok opplyste, seier Madsøy.

No skal Statens vegvesen og kommunane lage eit planforslag og ei konsekvensutreiing som blir sendt på høyring. Når forslaget er klart, vil Statsforvaltaren vurdere om det blir aktuelt å kome med innvendingar i saka.