Gaupejakta startar 1. februar

Det kan fellast inntil fire gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar.

Publisert 30.01.2026

Etter klageavgjerd i Klima- og miljødepartementet (KLD) 28.01.2026 gjeld følgjande for kvotejakt på gaupe i Møre og Romsdal i 2026:

Startkvoten på 4 dyr blir fordelt på dei avgrensa kvotejaktområda som vist nedanfor:

Forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 4 gauper (derav maks 2 vaksne hodyr).

  • Delområde A: Tingvoll og den delen av Sunndal som ligg nord for Driva: 4 dyr
  • Delområde B: Resten av forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: inga startkvote

Delområda blir slått saman 1. mars 2026.

Familiegrupper som opptrer i lag, er unnatekne frå kvotejakta i perioden 01.02–09.02.2026 i delområde A i Møre og Romsdal.

Delområda blir slått saman 1. mars 2026.

I resten av Møre og Romsdal har rovviltnemnda opna for kvotefri jakt (unntaket for familiegrupper gjeld ikkje desse områda).

Kart over kvoteområda finn du her: Kvotejaktkart for gaupe 2026

Rovviltnemnda sitt vedtak og KLD sine klageavgjerder på Miljøvedtaksregisteret: Vedtak om kvote for kvotejakt på gaupe i region 6 Midt Norge 2026

Informasjon om kvotejaktområde og kvoter

Alle som deltek i kvotejakta på gaupe, pliktar å gjere seg kjende med kva delområde jaktterrenget deira høyrer til. Kvotejaktområda for 2026 er endra sidan kvotejakta i 2025. Sjå derfor nøye på skildringa og kvotekartet

Du må vere oppdatert på kor mange dyr som står att på kvota i ditt område. Derfor må du sjekke kvotestatus før jaktstart kvar dag, og minst 2–3 gonger i løpet av dagen. Jegerar må rekne med at det kan bli mellombels stopp undervegs i kvotejakta.

Informasjon om gjeldande kvote i Møre og Romsdal finn du ved å ringe automatisk telefonsvarar på telefon 712 58 501

Følgjande vilkår gjeld for utøving av kvotejakt på gaupe i 2026:

  1. Jeger pliktar å halde seg oppdatert om status for kvotejakt via statsforvaltarane sine kvotetelefonar og registrere seg for varsling via statsforvaltarne si SMS-tjeneste
  2. Jaktlaga som driv kvotejakt, skal ha minst éin person innanfor telefondekning. Felling og forsøk på felling av gaupe skal straks, og seinast innan 30 minutt, meldast til aktuell statsforvaltar.

Melding om felt dyr og kontroll

Dersom du har felt gaupe eller løyst skot mot gaupe, skal du melde frå til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal på vakttelefon 909 26 016. Statsforvaltaren vil be om følgjande informasjon:

  • Namn og telefonnummer til skyttar
  • Kommune/fellingsområde
  • Lokalnamn på fellingsstad
  • UTM-koordinatar for skotstad
  • Tal på skyttarar
  • Type våpen og tal skot løyst
  • Kjønn og anslått alder (vaksen/unge) på det felte dyret (sjå rettleiing for fastsetjing av kjønn i høgremargen)

Felt gaupe skal visast fram for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking. Statsforvaltaren vil vidareformidle dei opplysningane som er nemnde over, til SNO, som deretter tek kontakt med skyttar for nærare avtale om kontrollen. Skyttar skal vere tilgjengeleg for SNO når skotplasskontroll skal gjennomførast.

Ettersøk og kontroll

Skyttar pliktar utan opphald å varsle Statsforvaltaren i Møre og Romsdal på vakttelefon 909 26 016 ved skadeskyting eller bomskot. Statsforvaltaren avgjer vidare gjennomføring og avslutning av ettersøk. Dei som har delteke i forsøket på felling eller jakt, skal utan godtgjersle hjelpe forvaltningsmynde eller politimynde i det vidare ettersøket.

Alle som utøvar jakt og fangst, pliktar å la seg kontrollere av politi eller Statens naturoppsyn, og skal på førespurnad kunne vise skot- eller fangststad.

Irregulær avgang blir trekt frå kvota

All irregulær avgang frå og med vedtaksdatoen blir trekt frå kvota for kvotejakt i tråd med rovviltforskrifta § 7 siste ledd. Per 28.01.2026 er det registrert avgang av seks gauper.

Dato

Kommune

Kjønn

Alder

Delområde

Årsak

21.11.2025

Snåsa

Hann

vaksen

E

Skadefelling

06.12.2025

Lierne

Hunn

vaksen

E

Skadefelling

24.12.2025

Levanger

Hunn

unge

B

Påkjørsel

09.01.2026

Høylandet

Hunn

vaksen

C

Påkjørsel

10.01.2026

Grong

Hunn

vaksen

E

Skadefelling

23.01.2026

Namsskogan

Hann

vaksen

C

Påkjørsel

Generelt om kvotejakt på gaupe

Gaupe er den einaste av rovviltartane det er opna for jakt på. Kvotejakta er ordinær jakt etter viltlova § 9 og er omfatta av dei same reglane som anna jakt. Jakttida på gaupe er frå og med 1. februar til og med 31. mars. Aldersgrensa er 18 år.

Gaupe er definert som storvilt, og det må avleggast skyteprøve for storviltjegerar dersom du skal jakte gaupe med rifle. Det er også tillate å jakte gaupe med hagle. Det er ikkje krav om å registrere seg som lisensjeger for å delta i den ordinære gaupejakta.

Den som jaktar gaupe, må ha løyve frå grunneigar. Dette omfattar også forbod mot å jage eller lokke vilt bort frå andre sine jaktområde. For jakt på statsgrunn må ein ha gyldig jaktkort for anten småviltjakt eller storviltjakt. Bruk av gaupebås skal godkjennast av Statsforvaltaren.

Meld frå om observasjonar av familiegrupper

For at vi skal ha best mogleg oversikt over gaupebestanden i fylket, er det viktig at familiegrupper blir registrerte. Statsforvaltaren oppmodar derfor alle til å melde frå om synsobservasjonar eller sporobservasjonar av fleire gauper i lag i perioden fram til 1. mars.

Melding om observasjonar skal sendast til næraste SNO-rovviltkontakt, eller via www.skandobs.no. Du finn din lokale SNO-rovviltkontakt her: Kontakt Statens naturoppsyn (SNO)