Nye reglar for åtejakt og båsfangst av jerv

Det er no tillate med fast montert kunstig lys på jerveåte, og bruk av viltkamera kombinert med fellevarslar kan erstatte fysisk tilsyn av jervebås. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.09.2020

Klima og miljødepartementet har 08.09.2020 gjort endringar i forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst vedrørande fellingsmetodar for jerv. Bakgrunnen er eit ønskje om å gjere lisensfellinga av jerv meir effektiv.

Departementet informerer om endringa i brev av 10.09.2020. Brevet kan du laste ned frå menyen til høgre. Der finn du den nøyaktige ordlyden i den nye forskrifta og vilkåra for bruk av lys og for overvaking av jervebås.

Bruk av kunstig lys skal rapporterast til Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren skal godkjenne fangstbåsar for jerv kvar sesong, inkludert eventuell bruk av viltkamera og fellevarslar. Elektronisk overvaking skal loggførast og rapporterast til Statsforvaltaren.