Giske kommune - endra løyve til tiltak i sjø etter klage

Det gjerast ei mindre endring på Giske kommune sitt løyve etter forurensningsloven til tiltak i sjø for etablering av kai ved Gjøsundneset (gnr. 7 bnr. 175) etter klage frå naboverksemda Scanprod AS.

Publisert 07.07.2026

Endringa inneber ei skjerping av kravet om varsling og orientering av verksemder i området som har vassinntak eller liknande som gjer at dei kan vere sårbare for auka partikkelnivå i sjøen.

Vedtak med endra løyve kan lesast via lenkja til høgre på sida.

Avgjerda kan klagast på av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse innan tre veker frå underretning om vedtaket har kome fram eller frå vedkomande fekk eller burde ha skaffa seg kjennskap til vedtaket.

Kontaktpersonar