Fem verneområde for skog i Møre og Romsdal
Kongen i statsråd vedtok i dag å verne 35 skogområde, der fem ligg i Møre og Romsdal. Dei er spreidd i heile fylket og inneheld naturtypar som manglar i dei verneområda vi har frå før.
Vernevedtaket omfattar om lag 4,8 kvadratkilometer nytt verna areal i fylket og vil bidra til at vi tek vare på norsk natur for kommande generasjonar.
Vernet gjeld:
- Husbyfjellet i Aure
- Grøtsura i Haram
- Båtneset i Sula
- Dalan i Surnadal
- Utviding av Mardalen i Molde
Fire av dei fem områda er heilt nye naturreservat. Utvidinga av Mardalen naturreservat bind saman delane av naturreservatet til eit samanhengande skogreservat på heile 6390 dekar.
Områda er verna gjennom frivillig skogvern, i samarbeid med Allskog SA og grunneigarane.
Husbyfjellet naturreservat
Husbyfjellet naturreservat ligg i nordre delar av fjellpartiet mellom Foldfjorden og Vinsternesvatnet på Ertvågsøya i Aure. Verneverdiane for dette området er knytt til kystfuruskog og noko rik edellauvskog. Her finst svært mange raudlista artar – blant anna dei sterkt truga alm og hengekjuke – i tillegg til fleire raudlista sopp- og lavartar.
Grøtsura naturreservat
Grøtsura i Haram har verneverdiar knytt til grove og gamle hasselkratt og sterkt truga alm, og grove dimensjonar av rogn, osp og selje med mykje fuktkrevande lav. Her er også ein god del edellauvskog.
Båtneset naturreservat
Båtneset naturreservat i Sula kommune inneheld viktige naturtypar og mange trua og nær trua artar. Området ligg i ei søraustvend liside frå fjord til fjell og har stor variasjon og eit rikt artsmangfald. Verneverdiane for området knytt til dei sårbare naturtypane lågurtedellauvskog, kalk- og lågurtfuruskog og kalkedellauvskog, samt den nær truga naturtypen frisk rik edellauvskog.
Dalan naturreservat
Dalan naturreservat i Surnadal ligg på høgdedraget Nordmarka, og skogen er i mosaikk med naturtypar som rik open sørleg jordvassmyr, sumpskog og slåttemyr. Verneverdiane for skogen er knytt til kystfuruskog og rik edellauvskog. Lågurtedellauvskog og frisk rik edellauvskog er raudlista naturtypar som vil bidra til å fylle manglar i vernet, samtidig med å ta vare på trua artar som alm og nær trua artar skorpefiltlav.
Utviding av Mardalen naturreservat
Mardalen naturreservat i Molde kommune vart første gong verna i 2014. Det utvida området har ein variert lauvskog med trua og sjeldan natur med velutvikla edellauvskog med styva almar og hasselskog. Artsmangfaldet er usedvanleg rikt, både av lav og sopp. Ein spesiell kvalitet er haustingsskogen med styva almar som både har ein særskilt naturvitskapleg og kulturhistorisk verdi, og der er dei fleste sjeldne sopp- og lavartane registrert.
Verknader av vernet
Å verne desse områda bidreg til å redusere dei negative verknadene av klimaendringane. Det gjer vi ved å sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem og langsiktig binding av karbon.
Vernet bidreg til å nå Stortingets mål om å verne 10 prosent av skogarealet, og det støttar internasjonale mål og forpliktingar. Det bidreg også til nå dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget har slutta seg til gjennom stortingsmeldingar. Måla er at:
- Økosystema skal ha god tilstand og levere viktige tenester.
- Ingen artar og naturtypar skal utryddast som følgje av menneskeleg aktivitet, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.
- Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.
Statsforvaltaren har vurdert konsekvensane av vernet og konkludert med at det ikkje skadar andre samfunnsinteresser, som skogbruket.
Vernet fører likevel til nokre restriksjonar på bruken av området. Tiltak som kan endre naturmiljøet er forbode. Det gjeld mellom anna nye bygg, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking og motorisert ferdsel. Nokre tiltak kan få løyve etter søknad.
Vanleg friluftsliv kan halde fram som før. Vernet hindrar ikkje vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.
Forvaltningsansvaret
Forvaltningsansvaret for Mardalen naturreservat ligg til Dovrefjell nasjonalparkstyre som forvaltar verneområda i Eikesdalen. Statsforvaltaren skal ta vare på dei fire andre. Dette omfattar behandling av dispensasjonssøknader, skjøtsel og fjerning av framande treslag, samt overvaking og formidling av verneverdiane.
Kontaktpersonar
-
Ola Betten
Tlf: 71 25 84 76 -
Hege Steigedal
Tlf: 71 25 84 80 -
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08