Øving «Brutus»: Landbrukskontora i Møre og Romsdal testa kriseberedskapen

I september gjennomførte landbrukskontora i Møre og Romsdal kriseøvinga «Brutus», i regi av Statsforvaltaren. Målet var å styrke kompetansen i krisehandtering, og gi betre innsikt i rolla landbrukskontora har under kriser.
Scenario: Varsel om ekstremvêr
Øvinga tok utgangspunkt i eit varsla ekstremvêr, liknande stormen «Dagmar», som skulle treffe Møre og Romsdal. Oppstartsmeldinga sa at kriseleiinga i kommunane hadde fått varsel laurdag ettermiddag frå Statsforvaltaren, og gjennom helga hadde dei fått fleire oppdateringar. Meteorologisk institutt melde om fare for store øydeleggingar og oppmoda til førebyggande tiltak.
Diskusjonsøving med realistiske utfordringar
Øvinga vart gjennomført som ei diskusjonsøving, der deltakarane arbeidde frå eigne lokale. Etter eit innleiande Teams-møte fekk dei tilsendt scenario og diskusjonspunkt. Spelstaben, lokalisert på Fylkeshuset i Molde, sendte ut spelmeldingar undervegs som utfordra deltakarane til å tenkje gjennom ulike krisesituasjonar:
- Straumbortfall i heile kommunen
- Øydelagde fjøs og akutt behov for hjelp
- Langvarig straumbortfall med behov for oversikt over aggregat og diesellager
- Bortfall av telekommunikasjon og internett
Erfaringar frå øvinga
Dei umiddelbare erfaringane frå øvinga viser at landbrukskontora ikkje nødvendigvis har ei sentral rolle under sjølve hendinga, men kan vere eit viktig kontaktpunkt og bindeledd mellom bønder og andre ressursar.
Øvinga viste også at landbrukskontora kan styrke beredskapen ved å førebu seg betre i forkant. Dette kan gjerast ved å etablere rutinar og lage oversikter over nyttige ressursar som diesellager, aggregat, utstyr og maskiner. I etterkant av ei krise vil landbrukskontora kunne bidra med synfaring og rettleiing i samband med erstatningssøknader.
Landbruket kan også vere nyttige for kommunane og samfunnet elles ved å stille med sine ressursar, som utstyr, maskiner, tilgang på nevenyttige arbeidsfolk og problemløysingskompetanse.
Eit viktig steg mot betre beredskap
Øvinga «Brutus» har gitt nyttig innsikt i korleis landbrukskontora kan bidra under kriser, og kor viktig det er med klare rutinar, god kommunikasjon og samarbeid med andre aktørar. Uveret «Amy» trefte Noreg knappe to veker etter øvinga, og understrekte ytterlegare viktigheita av å vere forberedt – også innan landbruket. Fleire kommunar vil i tida framover gå i gang med planlegging og førebuing i samarbeid med Statsforvaltaren.
Etter denne øvinga er landbrukskontora betre rusta til å møte framtidige utfordringar – både i møte med ekstremvêr og andre krisesituasjonar.