Markdag i kystlynghei
- Dato:
- 23. august 2026 11:00 - 14:00
- Stad:
- Småge, Aukra kommune
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Norsk landbruksrådgivning
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Norsk landbruksrådgiving inviterer til markdag i kystlynghei på Småge i Aukra kommune, søndag 23. august.
På markdagen får deltakarane sjå korleis kystlyngheia blir brukt og skjøtta i praksis. Gjennom vandring i beitelandskapet blir det fagleg påfyll om beiting, lyngbrenning og andre skjøtselstiltak, og deltakarane får høyre erfaringar frå lokale brukarar av området. Det blir òg orientert om den nyaste kartlegginga av kystlyngheia på Småge.
Dagen gir høve til erfaringsutveksling og samtalar om korleis vi best kan ta vare på den trua naturtypen kystlynghei.
Stad: Småge, Aukra kommune
Dato: 23. august kl. 11.00 – 14.00
Oppmøte ved gapahuken ved Smågevatnet.
For dei som kjem med ferje: Ta ferja frå Hollingsholmen kl. 10.30, eller ei tidlegare ferje.
Det blir servert enkel mat under arrangementet.
Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte.
Fullt program og praktisk informasjon kan du finne her: Markdag i kystlynghei | Norsk Landbruksrådgiving
- Dato:
- 23. august 2026 11:00 - 14:00
- Stad:
- Småge, Aukra kommune
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Norsk landbruksrådgivning