Er dei utanrettslege gjeldsforhandlingane ein illusjon? - Nye vegar å gå

Dato:
22. september 2022 11:00 - 23. september 2022 13:00
Stad:
Scandic Alexandra, Molde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og NAV Møre og Romsdal
Målgruppe:
NAV-ansatte

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, i samarbeid med NAV Kristiansund, Molde, Ålesund og NAV Møre og Romsdal inviterer til fagsamling for gjeldsrådgivarar ved NAV-kontora i fylket. 

Publisert 24.06.2022

Samlinga har som mål å gi fleire verktøy til gjeldsrådgivarar når det gjeld utanrettslege løysingar.

Vi jobbar med programmet, og det vil bli lagt ut så snart som mogleg. Men Guro Eriksrud, forfattar av boka med «Lommeboka i hverdag og krise» er sett opp på programmet.

I tillegg kommer Torleif Kahrs, gjeldsrådgivar ved NAV Alnabru og Elisabeth Breivik frå Interkreditt, som fram til no har jobba i NAV Ålesund. Vi vil og rette søkelyset på brukarhistoriar og samhandling med andre instansar.

Vi ønsker vel møtt til ei samling med godt fagleg påfyll!

Tid: 22.-23. september 2022

Stad: Scandic Alexandra, Molde

Økonomi: Kurs og overnatting vert dekt men reisekostnadar må dekkast sjølv.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 14.09.2022.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
22. september 2022 11:00 - 23. september 2022 13:00
Stad:
Scandic Alexandra, Molde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og NAV Møre og Romsdal
Målgruppe:
NAV-ansatte