Tilrår å avslå søknad om grensejustering
Om lag 1000 innbyggarar i Midsund har søkt om utgreiing av grensejustering av Midsund frå Molde kommune til Aukra kommune. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tilrår at søknaden blir avslått.
Saka blir no sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.
I 2024 kom det ein liknande søknad, med støtte frå om lag 250 innbyggarar i Midsund. Statsforvaltaren tilrådde då å avslå søknaden, og viste til at Aukra ikkje er ein naturleg kvardagsregion for Midsund ut frå geografi, infrastruktur og kommunikasjon. Departementet støtta vurderinga og avslo søknaden.
Ny søknad om utgreiing
I januar i år fekk Statsforvaltaren ein ny søknad frå om lag 1000 innbyggarar, i tillegg til fire andre søknader.
Kommunestyra i Molde og i Aukra har gitt høyringsuttalar til desse.
Aukra kommune er positive til ei utgreiing, men først når samferdselsløysinga mellom Gossen og Otrøya er på plass. Det er ikkje avklart når Kjerringsundsambandet blir realisert.
Molde kommune støttar ikkje ei utgreiing, og viser til at forholda ikkje har endra seg sidan førre behandling. Kommunen vurderer at ei grensejustering av dette omfanget vil vere svært ressurskrevjande for kommunen, med betydelege administrative og økonomiske konsekvensar. Dei ønskjer å fokusere på vidare drift og omstilling innanfor gjeldande kommunegrenser.
Høyringsuttalane frå begge kommunane er i stor grad samanfallande med uttalane frå førre runde.
Statsforvaltaren si vurdering
Statsforvaltaren vurderer at forholda framleis ikkje har endra seg vesentleg. I saksutgreiinga blir det peikt på at geografi, infrastruktur og kommunikasjonsforhold ikkje gir grunnlag for å vurdere Midsund som ein meir naturleg del av Aukra enn av Molde.
– Det er ikkje påvist konkrete utfordringar med det kommunale tenestetilbodet i Molde som kan løysast betre i Aukra. Stram kommuneøkonomi er heller ikkje grunnlag for ei grensejustering, seier assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste.
Handel og bruk av private tenester skjer i hovudsak i Midsund eller Molde.
– Aukra er ikkje ein naturleg kvardagsregion for innbyggarane. Vi meiner derfor at det heller ikkje no er grunnlag for å starte ei utgreiing av grensejustering, seier Brøste og utdjupar:
– 1000 underskrifter viser eit stort engasjement i lokalsamfunnet, og det har vi respekt for. Samstundes er ikkje talet på underskrifter åleine eit kriterium som kan avgjere om ei utgreiing skal setjast i gang.
No er det Kommunal- og distriktsdepartementet som skal ta endeleg avgjerd i saka.
Kontaktpersonar
-
Rigmor Brøste
Tlf: 71 25 84 14