Trass betring: Framleis krevjande kommuneøkonomi

Fylkeskart som viser alle kommunar i Møre og Romsdal og netto driftsresultat fordelt på tre nivå, minst 1,75 prosent, 0-1,75 prosent og negativt netto driftsresultat.

– 15 av kommunane våre hadde negativt netto driftsresultat i 2025. Det er likevel ei betring frå 2024, seier Sissel Hol, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Publisert 23.03.2026

Til samanlikning var 20 kommunar i denne situasjonen i fjor.

Dei førebelse KOSTRA-tala for 2025 viser store forskjellar mellom kommunane i Møre og Romsdal. Berre fem kommunar hadde eit netto driftsresultat som låg over det anbefalte nivået på 1,75 prosent.

– Det gjennomsnittlege driftsresultatet i fjor var på 1 prosent. I 2024 var dette resultatet -1,2 prosent, fortel Hol.

Betring i heile landet

På landsbasis er det også ei klar endring i positiv retning. Medan 190 kommunar hadde negativt driftsresultat i 2024, gjekk talet ned til 117 i 2025. Gjennomsnittleg netto driftsresultatet landa på 2,2 prosent i 2025, mot -0,4 prosent året før.

– Generelt ser vi at auka skatteinngang var ein viktig årsak til betringa. I tillegg veit vi at mange kommunar i Møre og Romsdal sette i verk kortsiktige tiltak, som stillingsstopp og innkjøpsstopp i 2025, for å halde kontroll på kostnadene.

Omstillinga må halde fram

Kommunane får stadig fleire eldre og færre barn, samstundes som det er vanskeleg å rekruttere nødvendig fagkompetanse. Dei fleste kommunane i Møre og Romsdal har allereie erfart dette, og mange er i gang med større omstillingar for å tilpasse drifta til dei demografiske utfordringane.

– Men det tek tid. Den betringa vi ser i resultata for 2025 kan nok ikkje tilskrivast effekten av omstillingar. For dei fleste kjem desse effektane først i 2026 og 2027, seier Hol.

Kommuneadministrasjonane og politikarane må tenkje nytt om struktur og oppgåveløysing i kommunen.

– Dette er utfordrande og krevjande prosessar å stå i, men det er nødvendig at det blir gjort grep for å tilpasse seg ein ny kvardag.

Få oppsparte midlar å ta av

Fleire år med negative driftsresultat har gjort at fleire kommunar har brukt av dei oppsparte midlane sine, disposisjonsfondet.

– Nokre kommunar har no tomme fond, og står meir sårbare ved uventa hendingar, sidan dei alt har stramme budsjett. Over 70 prosent av kommunane våre har enten tomt disposisjonsfond eller eit lågare nivå på fondet enn kva som er anbefalt, seier Hol.

Framleis høg lånegjeld

Kommunane har investert mykje over fleire år, men det er likevel ei gradvis positiv utvikling på dette området.

– For tredje året på rad har gjeldsgraden i Møre og Romsdal gått ned, og ligg no på 108 prosent for fylket samla. Nivået er framleis for høgt til at kommunane har god økonomisk handleevne. 16 kommunar har netto lånegjeld som ligg over snittet til landet, fortel Hol.

Ho trur at fleire kommunar vil få utfordringar med å dekke låneutgiftene sine over driftsbudsjettet.

Mogleg med fleire kommunar i Robek

I Møre og Romsdal er fem kommunar registrerte i Robek.

– Det er mogleg at også Ørsta kommune må registrerast når rekneskapstala for 2025 er ferdig reviderte og vedtekne i kommunestyra til sommaren. Uansett ser det betre ut enn vi frykta etter 2024-resultatet, avsluttar Sissel Hol.

Kontaktpersonar