Framleis utfordrande kommuneøkonomi
Resultata for 2025 var betre enn i 2024, men fleirtalet av kommunane i fylket har framleis negativt netto driftsresultat.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kjem no med sin årlege rapport for utviklinga i kommuneøkonomien, basert på ferdige rekneskapstal frå førre år i kommunane.
Seks kommunar på Robek – kan bli fleire
– Kommunane i fylket har over tid hatt høgare gjeld, lågare disposisjonsfond og svakare driftsresultat enn landssnittet. Dette gjer økonomien meir sårbar for renteauke, sviktande skatteinntekter og høg prisvekst. Fylket har no seks kommunar i Robek, og fleire vil kome til dersom den økonomiske utviklinga ikkje snur, seier seniorrådgivar Maria Laingen, som har laga rapporten.
Krev ytterlegare prioritering og omstilling
Ho kommenterer at kommunane også står overfor store utfordringar knytt til demografi, klimaendringar og mangel på kompetanse og arbeidskraft.
– Desse utviklingstrekka påverkar både tenestetilbodet og kommuneøkonomien, og vil krevje tydelege prioriteringar og omstilling i åra framover.
Må gjere tiltak på kort og lang sikt
For mange kommunar er det økonomiske handlingsrommet avgrensa.
– Omstillingsarbeidet blir meir krevjande når disposisjonsfonda er små eller tømt, samtidig som gjeldsnivået er høgt. Skal kommunane sikre ein berekraftig økonomi og oppretthalde gode tenester, vil det vere behov for tiltak både på kort og lang sikt, seier Laingen.
Nasjonalt blir kommuneøkonomien vurdert som god, samstundes som forskjellane aukar mellom kommunane.
Kontaktpersonar
-
Maria Laingen
Tlf: 71 25 85 27
Dokument
Rapporten Utviklinga i kommuneøkonomien
Rapporten Utviklinga i kommuneøkonomien viser hovudtrekk i kommuneøkonomien i fylket. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal lagar denne kvart år. Rapporten beskriv nokon av utfordringane som kommunane står i, orienterer om sentrale reglar, minner om viktige oppgåver og viser sentrale økonomiske tal i utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra.