Fordeling av ordinært skjønn for 2026 – Møre og Romsdal
Statsforvaltaren har på bakgrunn av retningslinjene for skjønnstildelinga og innspel frå kommunane fordelt 31 550 000 kroner til statsbudsjettet for 2026.
Statsforvaltaren tildeler årleg skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. Føremålet med skjønnsmidlane er å fange opp lokale forhold som ikkje er godt nok ivareteken gjennom dei ordinære kriteria i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar.
For 2026 skal 56,6 millionar fordelast.
Midlane vert fordelt gjennom rammetilskotet i 10 terminar i 2026.
Den resterande ramma på 25 050 000 kroner skal gå til utviklings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjønn), samt krisepott som kommunane kan søkje på ved ekstraordinære hendingar, naturskade og liknande seinare i året.
Vi har sendt brev til alle kommunane der vi går meir i detalj om grunnlaget for tildelinga.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49