Digitalt kurs i forvaltningsrett for offentleg sektor

Arbeider du i offentleg forvaltning? Høgskolen i Molde tilbyr eit digitalt kurs med oppdatert innføring i forvaltningslova.

Publisert 17.06.2026

Kurset tek for seg dei sentrale reglane om saksbehandling i forvaltningslova og reglane om innsyn etter offentleglova. Kurset har fokus på kva som er nytt i den nye forvaltningslova, og på korleis ein som rettsanvender kan bruke rettskjelder i det daglege arbeidet. Målet er at emnet skal bidra til at alle rettsanvendere i offentleg forvaltning står tryggare i sine avgjerder.

Slik er kurset lagt opp

Emnet er tilpassa studentar som er i jobb. Det inneheld digitale temaøkter med undervisningsaktivitetar som kan gjennomførast når det passar. Det blir òg halde undervisningstimar som blir sende «live», der deltakarane kan stille spørsmål. Eksamen er ein skriftleg skoleeksamen som må avleggast ved Høgskolen i Molde.

Kurslenke og emneansvarlege

Meir informasjon finn du her: : JUR121 Innføring i forvaltningsrett for ansatte i offentlig sektor (Høst 2026) – Høgskolen i Molde

Har du spørsmål, kan du kontakte emneansvarlege:

Kari Grethe Koppang Welle: kari.g.k.welle@himolde.no

Susanne Fostvedt: susanne.s.fostvedt@himolde.no

Tilbodet er ei samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Nav Møre og Romsdal og Høgskolen i Molde.