Høyring av vern av skog i Aure og Sunndal
- Høyringsfrist:
- 15. mai 2026 23:59
Statsforvaltaren sender framlegg om vern av to verdfulle skogområde i Aure og Sunndal på høyring. Områda er tilbydd av grunneigarane etter ordninga med frivillig vern. Frist for fråsegn til framlegget er 15. mai 2026.
|
Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilboda. Verneplanen omfattar utviding av eksisterande Todalsdalen naturreservat og eit nytt Ivasnasen naturreservat på Gjøra. Totalt gjeld tilboda om lag 2.300 dekar. Føremål med vernet Skogvernet skal bidra til at ingen artar og naturtypar vert utrydda og at eit representativt utval av norsk natur blir bevart for kommande generasjonar. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, og dei aller fleste av desse er knytt til den gamle og relativt upåverka skogen. Veldig mange artar av insekt, sopp og fugleartar er avhengig av gammal skog og daud ved. Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar og sikre leveområda for artar og naturtypar i norsk skog. Skogvern er derfor eit viktig og prioritert tiltak for å bevare norsk naturmangfald. Stortinget har vedteke eit mål om å verne 10 % av skogarealet i Norge. Områda i denne høyringa omfattar gammal furuskog, rike edellauvskogar med alm og hassel, samt andre gamle lauvskogar. Her finn vi eit stort artsmangfald med truga og raudlista sopp og lav. Det er ikkje venta at eit utvida vern vil ha negative effektar på skognæringa, verken lokalt eller regionalt. Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning. Høyringsdokument og nærare informasjon om områda Alle dokumenta i høyringa om områda finn du i margen til høgre på denne sida. I høyringsdokumentet finner du utfyllande informasjon om områda, mellom anna kva verneverdiar som finst der, vurdering av andre interesser og merknadar til oppstart. I høyringsdokumentet finn du også forslag til verneforskrift som seier noko om restriksjonsnivå og bruk av område. Føreslått avgrensing kan du også finne i www.naturbase.no. Slik gjev du innspel Innspel til verneplanarbeidet kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, evt. på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 15.05.2026.
|
- Høyringsfrist:
- 15. mai 2026 23:59
Kontaktpersonar
-
Ola Betten
Tlf: 71 25 84 76