Kompetanseheving i helse- og omsorgstenester for personar med utviklingshemming

For å sikre betre helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming, er det nødvendig med kontinuerleg kompetanseutvikling blant tenesteytarar. Helsedirektoratet sitt tilskot er eit nytt tiltak  med  hovudmål om å styrkje fagutvikling og kompetansen til tilsette som arbeider direkte med denne målgruppa i kommunale helse- og omsorgstenester.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.03.2025

Kvifor er kompetanseheving viktig?
Personar med utviklingshemming har ofte samansette behov som krev tilpassa oppfølging og omsorg. Tenestene må vere kunnskapsbaserte, individuelt tilpassa og forankra i brukarane sine eigne behov og ønskje. For å oppnå dette er det viktig med både fagleg utvikling og tenesteinnovasjon.

Sentrale mål for tiltaka
Målet er å forbetre tenestetilbodet gjennom:

  • Auka fagleg kvalitet: Tilsette skal få auka kunnskap om korleis dei kan møte helsemessige og sosiale behov hos personar med utviklingshemming.
  • Tenesteinnovasjon: Utvikling av nye metodar og modellar som kan forbetre tenestene for denne målgruppa.
  • Brukarmedverknad: Tenestene skal legge til rette for at brukarane får ei aktiv rolle i planlegginga og utviklinga av si eiga omsorg.

Slik kan kommunane lukkast
Kommunane vert oppmoda til å etablere faglege nettverk og samarbeidsarenaer som legg til rette for deling av erfaringar og beste praksis. I Møre og Romsdal har Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester (USHT), saman med Statsforvaltaren, Naku, Helse Møre og Romsdal og Nfu etablert eit leiarnettverk med mål om å auke kvaliteten i tenestene til personar med utviklingshemming, gjennom kompetansehevande tiltak og auka kunnskap om rettleiaren Gode helse- og omsorgstjenester til personar med utviklingshemming. Aktiviteten i nettverket skal bidra til å styrke tenester ut frå gjeldande retningslinjer og lovverk. Det er 22 av 27 kommunar som deltek.

I tillegg er det viktig å forankre kompetansehevingstiltak både politisk, administrativt og fagleg, slik at dei vert ein integrert del av kommunen sitt tenestetilbod.

Rapportering og vidareføring
Det er viktig å evaluere effekten av tiltaka for å sikre vidare utvikling. Dette inneber både dokumentasjon av måloppnåing og deling av erfaringar som kan kome andre til gode. Målet er at vellukka tiltak skal kunne vidareførast og integrerast i ordinær drift.

Gjennom målretta kompetanseheving kan helse- og omsorgstenestene styrkjast, og livskvaliteten til personar med utviklingshemming kan betrast. Kommunane spelar ei nøkkelrolle i denne utviklinga ved å satse på innovasjon, fagutvikling og brukarmedverknad i tenestene sine.

Kommunane kan søkje om tilskot frå Helsedirektorat , sjå lenke Tiltak for å øke kompetansen i helse- og omsorgstjenestene til personer med utviklingshemming - Helsedirektoratet. Frist for søknad er 10.mars 2025.