Nye nasjonale faglege råd for auka brukar- og pårørandemedverknad innan rus og psykisk helse

For første gong har Helsedirektoratet laga nasjonale faglege råd for brukar- og pårørandemedverknad. Dei første råda er for rus- og psykisk helsefeltet.

Publisert 05.05.2025

Pasientar og brukarar har ein lovfesta rett til å bli inkluderte i avgjerder som påverkar liva deira, men undersøkingar viser at det på landsbasis er uønskt variasjon i korleis medverknad blir gjennomført på system- og tenestenivå.

Brukar- og pårørandemedverknad er ein viktig del av ein berekraftig helse- og omsorgsteneste og bidreg til auka kvalitet, pasienttilfredsheit, betre helseutfall og effektiv ressursbruk. I prosessen med å forma ut råda har Helsedirektoratet sjølvsagt involvert brukar- og pårørandeorganisasjonar.

Råda er delt inn etter nivå i helsesektoren, og gir konkrete forslag til korleis brukar- og pårørandemedverknad kan organiserast på individ, teneste og systemnivå

Eit lanseringswebinar tek for seg dei ulike nivåa og kjem med konkrete døme.