Gjer me nok for å førebyggja overdosar?

Rutinar for å redusera risikoen for overdosar bør utarbeidast som del av det systematiske folkehelsearbeidet i kommunen, og vera basert på kunnskap om rusmiddelsituasjonen i kommunen og regionen.
Talet på narkotikautløyste dødsfall ser ut til å gå ned på landsbasis, medan det i fylket vårt har vore ein auka dei siste åra. Så langt er det registrert 10 narkotikautløyste dødsfall i Møre og Romsdal for 2024. Det er ein trend me må ta på alvor. I samband med verdas overdosedag 31.august passar det godt å minna kommunane om at dei må ha ei oversikt over mellom anna; • Kva rusmiddel blir brukte, korleis og kvar? • Har me oppdatert kunnskap om variasjonar i rusmiddelkvaliteten og nye rusmiddel i omløp? • Har me statistikk over utdeling av brukarutstyr og dessutan overdoseutrykkingar der det er mogleg? For å hjelpa kommunane med dette arbeidet vil KORUS Midt og Statsforvaltaren Møre i samarbeid med brukarorganisasjonen RIO invitera til "Overdosekonferanse i Møre og Romsdal" som tek utgangspunkt i dei nye nasjonale råda for kommunalt overdoseførebyggjande arbeid . Råda er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, og erstattar dei nasjonale råda i Nasjonal overdosestrategi 2019–2022. Råda er utarbeidde for å bidra til å gjera det lettare for alle kommunar å utvikla overdoseførebyggjande arbeid, slik at talet på overdosar av illegale rusmiddel i Noreg blir reduserte. Dagen tek utgangspunkt i dei nye råda med innlegg frå lokale aktørar som driv overdoseførebyggjande arbeid. I framhaldet av denne dagen ønskjer me å invitera inn kommunane til nettverk der me har søkjelys på implementering av råda. Målgruppe: Avgjerdstakarar, fagleiar og anna nøkkelpersonell som i verksemda si kan bidra til kompetanseheving og auka samarbeid innan overdoseførebyggjande arbeid Programmet for dagen vil veksle mellom gruppearbeid og innlegg • Nasjonale satsingsområder v/Espen Freng fra Helsedirektoratet • Alkoholoverdoser - Tommy Sjåfjell, KORUS sør- digitalt innlegg • Overdosearbeid i prehospitale tjenester v/Håvard Bolme – Ambulansetjenesten, Helse Møre og Romsdal. • Når rus møter akuttmedisin – status, utfordringer og samhandling v/Andrea Unhjem Wiik, LIS lege ved medisinsk avdeling/Klinikk Ålesund Helse Møre og Romsdal HF • Nye og farlige stoffer i omløp - status fra operativ tjeneste Møre og Romsdal v/ Politiet Ålesund • Bruker- og pårørendeerfaring v/Kai K.Sivertsen og Line Bruvoll • Brukermedvirkning i systemarbeid “suppemøter”- Ålesund kommune v/Espen Myrvåg Forebygging av overdoser • Samarbeid ved sårbare overganger v/ Mia Urke og Oddbjørg Bjørge TSB Ålesund • Overdoseforebyggende arbeid under/etter soning v/Kriminalomsorgen • Nalokson: v/ Morten Sivertsen - Averøy kommune • Skadereduksjon; brukerutstyr og smittevern v/Molde kommune • Fastlegens rolle i overdoseforebyggende arbeid v/ Karin Müller Mikaelsen – fylkeslege Dato for konferansen er 23. september og deltaking på konferansen er gratis og inkludert lunsj. Påmelding: Overdosekonferanse Møre og Romsdal 2025
Vi oppmodar alle kommunar til å vera med på denne dagen. |