Ny forskrift om individuell plan

Ny "Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester" tok til å gjelde frå 1. august 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.08.2022

Lov om endringar i velferdstenestelovgivninga (samarbeid, samordning og barnekoordinator) tok til å gjelde frå 01.08.2022. I høve desse lovendringane har det også tredd i kraft ein ny forskrift om individuell plan ved yting av velferdstenester. Den nye forskrifta gjeld individuelle planar etter desse lovene: 

  • Helse- og omsorgstenestelova
  • Pasient- og brukarrettslova
  • Sosialtenestelova
  • NAV-lova
  • Barnevernlova
  • Spesielisthelsetenestelova
  • Psykisk helsevernlova

Det er fleire formål med å utarbeide og bruke individuelle planar. Blant anna er det å bidra til at tenestemottakar får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Likeeins å sikre at det til ei kvar tid er ein tenesteytar som har hovudansvaret for oppfølginga av ein tenestemottakar. Eit anna formål er å kartlegge tenestemottakar sine mål, ressursar og behov for ulike tenester, samt å styrke samhandlinga mellom tenesteytarar, tenestemottakar og eventuelle pårørande. 

Forskrifta seier og noko om kva ein individuell plan skal innehalde, og avklare ansvarsforhold mellom dei ulike tenestene og kva for andre tenester som har plikt til å medverke i arbeidet. 

For å lese meir sjå lenkjer.