Elektronisk ID (eID) til flyktningar frå Ukraina

Ukrainske flyktningar som har søkt om, eller fått innvilga, kollektivt vern kan skaffa seg eID. Dei får då tilgang til offentlege tenester.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2022

Vi oppmodar kommunale tenester for flyktningar og andre offentlege etatar som kjem i kontakt med desse, til å dele denne informasjonen om eID:

Slik går du fram for å få eID

For å få tilgang til digitale tenester treng du ein elektronisk ID frå Noreg.

Er du flyktning frå Ukraina, kan du få elektronisk ID knytt til din eigen smarttelefon. IDen heiter «Buypass ID i mobil». 

Les informasjon om korleis du bestiller eID på engelsk, ukrainsk og russisk her ...

Get information on how to order eID in English, Ukrainian and Russian here ... 

Du må sjølv bestille den elektroniske ID-en din på nettsidene til leverandøren Buypass. Her er lenkje til Buypass sin informasjonsside på ukrainsk. 

Dette må du ha for å kunne få eID

For å kunne bestille og aktivere Buypass ID i mobil må du oppfylle desse krava:

  • Du må ha ein smarttelefon.
  • Du må vera 13 år eller eldre.
  • Du må kunna vise gyldig pass.
  • Du må ha eit gyldig norsk ID-nummer som er registrert i Folkeregisteret. ID-nummeret er oppført på asylsøkjarbeviset (asylum seeker card) du fekk av Politiet ved registrering i Noreg.
  • Du må ha ei norsk postadresse der du kan få aktiveringskoden for Buypass ID (du må vise passet ditt når du hentar koden på postkontoret).

For Ukrainarar som oppfyller desse krava er det gratis å skaffa seg eID.