Eit godt liv for dei eldre – og for oss alle

Det å bli eldre skal vere ein naturleg og verdifull del av livsløpet. For at det skal bli slik, må alle vi som bur i Norge arbeide som eit stort team.
Kronikk av statsforvaltar Else-May Botten og seniorrådgivar Greta Irene Hanset
Vi har lukkast med å skape gode levekår, og lever lenger. Det gjer at talet på 80- og 90-åringar vil doble seg i befolkninga dei neste tjue åra. Samtidig føder vi ikkje like mange barn som før, og vi blir færre i arbeidsfør alder, frå 18-70 år. Dette krev noko av heile samfunnet.
Omsorgsbehovet i samfunnet vil auke når vi blir fleire eldre. Korleis skal vi møte utfordringa?
Vi har allereie press på omsorgstenestene våre i kommunane. Vi har for få folk, og for lite tilgang på fagkompetanse.
Nordmenn blir eldre – er vi klare for det?
Alle må bidra dersom heile velferds-Noreg skal lukkast i møte med ny demografi.
Vi må bidra inn i lokalsamfunnet, stille opp som pårørande og frivillige, ta vare på eiga helse og tidleg førebu oss til alderdomen.
Saman må vi bygge eit aldersvennleg samfunn. Eit samfunn der alle generasjonar kan trivast. Da har vi lukkast i omstillinga.
Kva gir gode liv?
For å ta vare på di eiga helse, kan du spørje deg sjølv: Kva gir meg glede og energi? Ei god fysisk og psykisk helse fremjar livslysta. Kanskje liker du å gå ut i naturen, møte venner eller familie, vere i aktivitet, kanskje har du ein hobby? Med gode rutinar kan du ta vare på livsgleda. Med ein aktiv inngang til alderdommen kan du gjere det enklare både for deg sjølv og dei rundt deg.
For å sikre oss ein god alderdom må vi sjølv ta større ansvar for eiga helse, eige sosiale liv og eigen bustadsituasjon. Helsepolitisk barometer frå 2023 viser at åtte av ti nordmenn er einige i dette.
Tilrettelagt for livet
Samfunnet treng at vi alle kan delta, høyre, vere til stades og kome oss fram – og vi treng det også personleg. Regjeringa vil styrke rettane til personar med nedsett funksjonsevne, og gjere desse rettane til del av menneskerettslova.
I Norge skal alle kommunar sørgje for universell utforming både i uteareal og inne i bygg. Det kjem heile samfunnet til gode. Med universell utforming og med gode inkluderande transportløysingar, kan vi skape eit inkluderande og levande lokalsamfunn på tvers av generasjonar. Der unge og eldre møter kvarandre, hjelper kvarandre og lærer av kvarandre.
Kommunane tilpassar seg
Nokre kommunar har kome langt i å tilpasse seg til ny demografi. Dei lagar samfunn der eldre kan bu trygt heime lengst mogleg, slik regjeringa har som mål.
Kommunane som har lukkast best har utvikla lokalsamfunna. Dei har arbeidd på tvers av heile kommuneadministrasjonen. Inkludert politikarar, innbyggjarar, organisasjonar og næring – og så har dei funne vegen i lag.
Dei lagar gode planar som legg opp til meiningsfulle møteplassar og aktivitetstilbod, aldersvennleg transport, gode bustadar og gode gang- og sykkelstiar der eldre, og vi alle, lett kan kome oss dit vi vil.
Kommunane skal gi trygge helse- og omsorgstenester gjennom heile livet, og dei må legge gode planar i heile organisasjonen for å klare det med dei ressursane dei har.
Distriktskommunar kan ha problem med at mange bustader ikkje er tilrettelagt for alderdomen. Då treng dei eldre meir hjelp. Tilpassa bustader kan gi tryggleik og gjer eldre meir sjølvhjelpne i kvardagen.
Vi kan alle bidra
Regjeringa og kommunane oppmodar oss innbyggjarar til sjølv å planlegge for ein trygg alderdom.
Vi vel sjølv kor og korleis vi vil bu gjennom livet. Vi kan bestemme kva vi vil fylle tida med, kven og kva vi vil bu nær og kven vi vil bety noko for. Vi kan tenke over korleis vi kan tilpasse bustaden vår så vi kan bu trygt heime, også i eldre dagar. Målet må vere at vi gjennom heile livet kan vere aktive og deltakande samfunnsborgarar.
Og så kan vi alle tenke gjennom kva vi har av tid, energi og kompetanse å gi til dei rundt oss. Vi trenger meir frivillig arbeid både frå unge og eldre i tida som kjem.
Å oppleve trivsel, meining og meistring legg til rette for god helse og gode liv.
Kvar enkelt må ta sitt ansvar. Saman kan vi møte framtida.