Digital post til private verksemder

Arbeider du på eit lege- eller advokatkontor som fram til no har fått papirbrev frå Statsforvaltaren? Frå denne veka går vi over til å sende desse breva digitalt. Verksemdene må sjølv gi sine tilsette riktige tilganger i Altinn.

Publisert 30.04.2025

Denne veka tar Statsforvaltaren i bruk tenesta «taushetsbelagt post» i Altinn. Det betyr at verksemder som før har fått papirbrev frå oss, heretter får breva frå Statsforvaltaren i Altinns innboks. Verksemder må sørgje for at dei som behandlar posten har riktige tilganger i Altinn. Utan slik tilgang vil ikkje brev frå Statsforvaltaren vere synlege i Altinns innboks. Les meir her om korleis slik tilgang blir gitt i Altinn: tildeling av roller og rettar i Altinn.

Statsforvaltaren varslar verksemder om sending av taushetsbelagt post med melding til den e-postadressa og/eller telefonnummeret (SMS) som verksemda har registrert i Altinn. Dersom taushetsbelagt post ikkje er lest, sender vi ei påminning etter sju dagar.

Målet er at all posten vår skal sendast digitalt. Dette gjer vi med bakgrunn i pålegg i Digitaliseringsrundskrivet.