Retten til eit trygt og godt skulemiljø

Bilde av elever.
Elever ved skole illustrasjon.
Oppdatert 12.05.2025

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt eller blir mobba på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss du meiner at skulen ikkje gjer nok for å hjelpe deg, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren.

Sei frå til rektor først

Viss du ikkje har det bra på skulen, på skulefritidsordninga eller på lekseordninga, må du eller foreldra dine melde frå til rektor om kva du opplever. Rektor skal ta det du opplever på alvor, og skulen skal snarast undersøke saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. 

Skulen skal alltid lage ein skriftleg plan som viser korleis dei vaksne vil hjelpe deg. Du har rett til å få denne planen frå skulen, og du har rett til å seie kva du meiner om planen. Du kan seie meininga di sjølv eller late andre gjere det for deg. 

Sei frå til Statsforvaltaren viss skulen ikkje gjer nok

Rektor må kjenne til korleis du opplever skulemiljøet. Etter at du har meldt frå, har rektor éi veke på å gjere deg trygg på at skulen skal hjelpe deg. Viss du etter ei veke ikkje er trygg på at skulen vil klare å hjelpe deg, kan du melde frå til oss hjå Statsforvaltaren. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Statsforvaltaren skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin for at du skal få det trygt og godt på skulen. Dersom vi ser at dei ikkje har gjort jobben sin, kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.

Er du elev eller føresett og ønskjer å melde frå om utrygt skulemiljø? Då ber vi deg ta kontakt ved å bruke anten raud eller oransje meldeknapp. Viss du brukar den oransje meldeknappen, må du logge inn med ein elektronisk identitet (eID). Med ein sikker eID er personleg informasjon trygg på nettet og det er vanskeleg for andre å late som at dei er deg i digitale tenester. 

Vis meir

Dette står i lova

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.

Skolen skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skolen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø.

Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev.

Alle som arbeider på skolen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det gjeld også når ein elev seier sjølv at ho eller han ikkje har det trygt og godt. Skolen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen i alvorlege tilfelle.

Dette står i opplæringslova kapittel 12.