Trygt og godt barnehagemiljø
Informasjon om webinar:
Det vil bli lagt ut fire webinar i 2026: to på våren for barnehagetilsette, barnehagemyndigheiter, PPT og andre som arbeider i barnehagesektoren, og to på hausten for barnehagemyndigheitene. Varigheit: ca. 45 minutt per webinar.
Psykososialt barnehagemiljø
Intro til webinara
Kort introduksjonsfilm om webinarserien
Webinar 1
Tidspunkt: Februar 2026
Målgruppe: Alle tilsette i barnehagane (pedagogar, styrarar, eigarar), barnehagemyndigheit, PPT og andre som arbeider i barnehagesektoren.
Innhald: Tema er trygt og godt barnehagemiljø: Aktivitetsplikta i praksis og krenkingomgrepet ved Ellen Elvethon frå Læringsmiljøsenteret (Universitet i Stavanger).
Webinar: Aktivitetsplikten i praksis - Del 1
Webinar: Aktivitetsplikten i praksis - Del 2
Kommande webinar
Desse blir gjennomført seinare i 2026.
Webinar 2
Tidspunkt: Mai 2026
Målgruppe: Alle tilsette i barnehagane (pedagogar, styrarar, eigarar), barnehagemyndigheiter, PPT og andre som arbeider i barnehagesektoren.
Innhald: Barns trivsel i barnehagen. Å trivast i barnehagen er viktig for barn her og no, men barns trivsel i barnehagen får følgjer for korleis dei får det seinare i livet. Ved Ragnhild Lenes, også frå Læringsmiljøsenteret (UIS).
Webinar 3 og 4
Tidspunkt: Hausten 2026
Målgruppe: Barnehagemyndigheit. Ope for andre å delta.
Innhald: Barnehagemyndigheita sitt ansvar for rettleiing og tilsyn (§10) opp mot kap. 8. Risikovurdering og informasjonsinnhenting frå eigarar og barnehagane i kommunane. Praksiseksempel. Samarbeid mellom KS og Statsforvaltaren.
Webinarserien er eit samarbeid mellom Statsforvalteren i Troms og Finnmark, Statsforvalteren i Nordland, Statsforvalteren i Møre og Romsdal og Statsforvalteren i Trøndelag.