«Bomullsbarn» - Barnehagekonferansen 2025

Meld deg på Barnehagekonferansen i Ålesund 30. og 31. oktober no, rådar Mari Jensen Otnes hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Barnehagekonferansen 2025 og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kva skaper robuste barn? Kan vi overbeskytte barna, så dei ikkje blir i stand til å handtere motgang og stress? Meld deg på Barnehagekonferansen no!

Publisert 11.08.2025

– Tryggleik og tilrettelegging står ofte i sentrum i barna sin oppvekst. Derfor har omgrepet "bomullsbarn" fått auka merksemd, fortel Mari Otnes hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Temaet for haustens barnehagekonferanse i Ålesund 30.-31. oktober er nettopp desse «bomullsbarna» – barn som har blitt skada av overbeskyttande omsorg.

Det er Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet i fylket og Statsforvaltaren som står bak konferansen.

Risikoleik og friluftsliv som nøkkel

– Vi spør om barn kan bli overbeskytta i slik grad at dei mister moglegheit til ei sunn utvikling der dei blir robuste og får meistringskjensle, seier Otnes.  

Ho viser til forsking som peikar på at risikoleik og friluftsliv der barn får utforske grenser og utfordre seg sjølv i trygge rammer, kan vere ein nøkkel til å byggje robuste barn.

– Dei blir betre rusta til å handtere motgang og stress i ulike situasjonar.

Psykisk helse og meistring frå tidleg alder

Otnes seier psykisk helse og livsmeistring heng tett saman med korleis barn lærer å møte og meistre utfordringar tidleg i livet.

– Gode relasjonar og eit velfungerande foreldresamarbeid i barnehagen spelar ei avgjerande rolle. Barnehagelæraren kan bidra til sunn utvikling ved å finne balansen mellom vern og fridom. Slik får barna styrka både si mentale helse og meistringskjensle, seier ho. 

Kommunane satsar på kompetanse

Kommunane i Møre og Romsdal er i full gang med kompetansetiltak knytt til inkluderande læringsmiljø, tverrfagleg samarbeid for barn og unge, «laget rundt barna», psykisk helse og livsmeistring, og verdien av leik (for å nemne nokre).

– Arbeidet i kommunane er spissa inn mot lokale behov. Konferanseprogrammet er laga for å støtte kommunane sitt arbeid på ein solid og relevant måte, seier Otnes.

Velkommen til Ålesund

Ho håper at mange vil delta på årets konferanse, og ønsker velkommen til Ålesund dei siste dagane i oktober.

Meld deg på konferansen innan 21. august her: Barnehagekonferansen 2025