Barnehagar mot 2030 - stategi for barnehagekvalitet
Alle barn skal få eit godt barnehagetilbod, same kor dei bor og i kva for barnehage dei har plass.
Publisert 30.06.2021
Regjeringa har lagt fram sin strategi for barnehagekvalitet for perioden 2021-2030.
Regjeringa har som ambisjon at:
- halvparten av dei tilsette i barnehagen skal være barnehagelærarar innan 2025
- del av barnehagelærarar med mastergrad skal auke
- del av fagarbeidarar i barnehagane skal auke
- for alle andre tilsette skal det være ei plan for korleis formell relevant kompetanse kan opparbeidast
- alle barnehagar skal ha god og kvalitetsutviklande leiing
- alle tilsette i barnehagen får høve til etter- og vidareutdanning
- kvaliteten skal vidareutviklast i dialog med partane
- alle barnehagar skal få god støtte i arbeidet med kontinuerleg og systematisk kvalitetsutvikling
- tilsyn skal i større grad bidra til å utvikle og sikre kvalitet
Strategien Barnehager mot 2030 – strategi for barnehagekvalitet 2021-2030 finn du i høgremenyen.