Kurstilbod våren 2026 frå Kompetansenettverket for lokalmat
Dersom du driv produksjon av lokalmat, har ein serveringsstad eller ei reiselivsbedrift med lokalmatprofil, kan du få hjelp av kompetansenettverket for lokalmat som tilbyr både kurs og besøksordning.
Tilboda om kurs våren 2026 er ein velsmakande kombinasjon av teoretisk og praktisk opplæring som også bidreg til å skape matnyttige kontaktar. For å nemne noko blir det kurs i etablering av produksjonskjøken på garden, kurs i vinproduksjon og kurs om søtbakst framover. Du kan lese meir i kurskalenderen Kurskalender - Kompetansenettverk lokalmat
Vi minner også om besøksordninga med inntil 20 timar gratis rettleiing. Dette er eit godt og populært verkemiddel for å hjelpe den enkelte produsent med spesifikke utfordringar i eiga bedrift.
På heimesidene hjå Kompetansenettverket for lokalmat | Nofima og Kompetansenettverket lokalmat kan du lesa meir om tilboda som finst. Vi oppmodar også lokalmatinteresserte om å følge kompetansenetteverket si nasjonale Facebookside https://www.facebook.com/Kompetansenettverklokalmat?locale=nb_NO
Kompetansenettverk for lokalmat i alle landets regionar
Kompetansenettverket for lokalmat er inndelt i fem regionar. Vi som bur i Innlandet er omfatta av Kompetansenettverket for Øst-Norge, som Nofima på Ås har ansvaret for.
Kunnskap og samarbeid gjev den mest vellykka lokalmaten
Kompetansenettverket sine aktivitetar er viktig for å bygge kunnskap, tryggleik og forståing hjå målgruppene. Dette bidreg til å sikre gode produkt som er utgangspunktet for godt sal og god lønnsemd. Kompetansenettverk Lokalmat Øst har gjennom to tiår levert kunnskap om råvarer og foredling, produktutvikling, kvalitet og mattryggleik.
Statsforvaltaren i Innlandet er aktiv
Statsforvaltaren i Innlandet har god kontakt med kompetansenettverket og deltek aktivt i utvikling og marknadsføring av kompetansetilboda. Statsforvaltaren møter gjennom året både lokalmatprodusentar, drivarar av mindre serveringsstader og reiselivsbedrifter der vi fangar opp behov og ønskje for gjennomføring av kompetansetiltak. Webinar kan i enkelte tilfelle vera eit interessant tilbod i ein hektisk kvardag.
Statsforvaltaren i Innlandet er representert både i styringsgruppa og samarbeidsgruppa for Kompetansenettverk Lokalmat Øst.