Webinar om landbruksbasert næringsutvikling

Dato:
3. mai 2023 09.30 - 11.00
Sted:
Digtalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Innlandet, Innlandet fylkeskommune og Innovasjon Norge Innlandet
Målgruppe:
Tilsette i kommunane/på landbrukskontor
Påmeldingsfrist:
2. mai 2023 12.00

For å skape ein arena saman med kommunane der vi kan dele erfaringar frå arbeid med landbruksbasert næringsutvikling, inviterer vi til webinar 3. mai. Hovudtema blir Bondens nettverk og Innlandsfjøset.

 

Publisert 25.04.2023

I programmet er det i tillegg ein open post der kommunane kan kome med korte orienteringar og ta opp spørsmål og problemstillingar. Vi oppmodar kommunane til å nytte dette høvet! 

Mange kommunar jobbar med landbruksbasert næringsutvikling, og vi meiner det er både nyttig og interessant å høyre kva som skjer rundt i fylket vårt. Kanskje kan vi hente inspirasjon frå kvarandre?

Dette er bakgrunnen for at Statsforvaltaren saman med fylkeskommunen og Innovasjon Norge arrangerer tre webinar i 2023 med temaet landbruksbasert næringsutvikling. Første webinar blir 3. mai, og dei to neste blir 6. september og 22. november.

Frist for å melde seg på første webinar er 2. mai kl. 12. Alle påmeldte får tilsend lenke til Teamsmøte.

Vel møtt!

Dato:
3. mai 2023 09.30 - 11.00
Sted:
Digtalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Innlandet, Innlandet fylkeskommune og Innovasjon Norge Innlandet
Målgruppe:
Tilsette i kommunane/på landbrukskontor
Påmeldingsfrist:
2. mai 2023 12.00