Studieopptak til Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta i 2018

Helsedirektoratet har i samarbeid med KS gitt Handelshøyskolen BI i oppdrag å tilby utdanning i leiarskap og endrings- og innovasjonsleiing for helse- og omsorgstenesta i kommunane og
tannhelsetenesta i fylkeskommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.03.2018

Søknadsfrist 15. april 2018 til: BI Handelshøyskolen - masterprogram Helseledelse.

Utdanninga gir 30 studiepoeng og kan gjennomførast som sjølvstendig modul eller som del av eit samla mastergradstudium.Frå hausten 2018 blir det gitt tilbod om opptak til fire nye klassar med til saman 216 nye studentar. Ein klasse vil vere lokalisert i Trondheim, medan dei tre andre klassane er i Oslo. Vedlagt er brosjyre/folder til utdanninga Helseledelse, ved BI (se i menyen til høyre).

Interessa for dette studietilbodet har vore svært god sidan starten hausten 2015. Likeeins har følgjeevalueringa frå Rambøll vist at utdanninga treff godt dei behova som leiarar i helse- og omsorgstenesta står i.

Målgruppe for utdanninga:

Utdanninga passar for einings- og verksemdsleiarar i helse- og omsorgstenesta kom­munar og i tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette omfattar leiarar i kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, psykisk helsear­beid og rusarbeid, helsestasjons- og skulehelsetenesta, hab­iliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg legeteneste, fylkestan­nlegar, overtannlegar og klinikkleiarar. Andre med relevant leiaransvar kan også søkje om opptak. Det er ønskeleg at leiarar frå same kommune og ulike delar av primærhelsetenesta søkjer saman. Det styrkjer søknaden om rådmann eller kommuneleiing legg ved tilråding.

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er kostnadsfri for kommunane og fylkeskommunane. Deltakarar betaler reiseutgifter og opphald til kvar modul og kan også søkje KS om støtte til dette.