Oppstart av verneplanarbeid i Hemnes og Rana - frivillig vern

Høringsfrist:
1. juni 2020

Fylkesmannen i Nordland melder oppstart av verneplanarbeid for tre skogområder i Rana og Hemnes kommuner.

Publisert 29.04.2020

Fylkesmannen melder oppstart av verneplanarbeid for Fjellavlia og Reinåga i Hemnes og Storlia i Rana. Verneplanarbeidet er innanfor ordninga med frivillig vern av skog. Til høgre på denne sida ligg lenke til utfyllande oppstartsmelding med kart og skildring av områda.

Eit verneforslag for de tre områda vil bli sendt på høyring seinare. Merknader eller innspel til oppstarten av verneplanarbeidet kan sendast til Fylkesmannen i Nordland, Postboks 1405, 8002 Bodø eller pr. e-post: fmnopost@fylkesmannen.no. Fristen for å komme med innspel til oppstartsmeldinga er 1. juni 2020.

Dersom du har spørsmål om prosessen eller dei aktuelle skogområda, finn du kontaktpersonar i høgremargen på denne sida.