Verjer skal som den klare hovudregel ikkje samtykke til helsehjelp

I samband med planlegginga av vaksinasjonsprogrammet mot Covid-19, har vi mottatt spørsmål frå verjer om dei skal samtykke til vaksinasjon på vegne av den dei er verje for. Det korte svaret er nei.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Sist endra 06.03.2021

Vaksinasjon er helsehjelp, og verjen har i utgangspunkt inga rolle i spørsmål knytt  til helsehjelp. Helsehjelp til personar som ikkje sjølv kan samtykke blir beslutta av den som yter helsehjelpen. Det kan innhentast uttalar frå næraste pårørande for å eventuelt avklare kva ein trur er i vergehavars interesse, men det er ikkje slik at det er næraste pårørande som bestemmer helsehjelp.  

Kven kan samtykke til koronavaksine for personar som av ulike grunnar ikkje sjølv kan samtykke?

Generelt 
Vaksinasjon vil vere omfatta av begrepet «helsehjelp» i pasient- og brukerrettighetsloven (pbrl) § 1-3 bokstav c, då helsehjelp også omfattar forebyggande handlinger. Dette inneber at det er same lovs fastsetjing om kven som skal samtykke til helsehjelpen i kapittel 4, som er utgangspunktet. Hovudregelen er at pasienten sjølv skal samtykke, så er det gitt særreglar som er aktuelle for pasienter som av ulike grunnar ikkje sjølv kan samtykke.  

Merk, dersom personen som skal vaksineres er over 16 år og motset seg vaksinasjon vil det være lovens kap. 4a som vil regulere handlingen.  

Mindreårige

Blir regulert av pbrl §§ 4-4 og 4-5. For helsehjelp generelt for barn under 12 år er det innehavar av foreldreansvar, evt ein/begge foreldre som har rett til å samtykke. Ved vaksinasjon er det et krav om at forelderen har foreldreansvar, dvs her har ikkje ein forelder utan foreldreansvar rett til å samtykke. For vaksiner utanom barnevaksinasjonsprogrammet må begge med foreldreansvar samtykke i tilfeller der barnet har to personar med foreldreansvar.

  • Merk at alle barn over 7 år i størst mulig grad skal medvirke i beslutninga.

  • Oppnemd verje for mindreårige kan være tillagt samme mynde som den med foreldreansvar etter vergemålsloven § 17 andre ledd

Barn mellom 12 og 16, her vil det gjelde det same som for dei under 12, då unntaket i § 4-3 bokstav c neppe er aktuelt i disse sakene

Barn over 16 og under 18, samtykker sjølv til helsehjelp. Dersom dei manglar samtykkekompetanse kan foreldre/andre med foreldreansvar samtykke. 

Har barneverntjenesten overtatt omsorgen for eit barn under 16 år etter barnevernloven § 4-6 andre ledd, § 4-8 eller 4-12, har barneverntjenesten rett til å samtykke til helsehjelp. 

Voksen verjehaver:

Utgangspunktet er at verjehaver sølv tek stilling til dette. Spørsmålet er derfor bare aktuelt i dei tilfella der verjehaver er ute av stand til å samtykke. 

Om verjen kan ha ei meining om dette avheng av om verjen også er næraste  pårørande. Som næraste pårørande har du enkelte rettar ifb med spørsmål knytt til helsehjelp. I kraft av å vere verje har du derimot ikkje noko mandat i spørsmål om behandling knytta til helse, heller ikkje vaksinasjon. 

Pasientrettighetsloven gir næraste pårørande rett til å uttale seg, helsepersonell bestemmer kva for behandling som gis. Dersom  pasienten aktivt motset seg behandlinga (altså at det oppfattast som tvang) kan det uansett ikkje gjennomførast uten tvangsvedtak. 

Det finns ein særregel for vergehavar som er fråteken rettslig handleevne på det personlige området, desse skal også sjølv i størst mogleg grad sjølv samtykke, men dersom dette ikkje er mogleg kan verjen samtykke.