Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Verjemål

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Statsforvaltaren er førsteinstans på verjemålsområdet. Det vil seie at det er Statsforvaltaren du skal kontakte om du, eller nokon som står deg nær, treng verje. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Statsforvaltaren.

Vil du bli verje?

Det er ulike typar verjer:

  • Du kan bli oppnemnt som verje til barn utan foreldre, eller dersom foreldra av ulike grunnar ikkje kan ha heile eller delar av verjeansvaret
  • Du kan bli oppnemnt som verje for vaksne
    • viss du er forelder til vaksne barn
    • viss du er søsken, besteforelder, onkel, tante eller ein annan person i storfamilien eller i omgangskrinsen. I tillegg kan du også vere verje som nabo, ven eller viss du berre har eit ønske om å bidra ved å stille opp frivillig
    • viss du vel å stille opp som verje som ein del av arbeidet ditt, eller berre fordi du har eit ønske om å vere til nytte (fast verje/profesjonell)
  • Du er verje som forelder til egne barn under 18 år. Verje er den eller dei som har foreldreansvaret.

Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Statsforvaltaren avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med personen som skal ha verje. Som regel legg vi vekt på at du handterer utfordringar, har kjennskap til regelverket og offentlege instansar, at du er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må også ha god vandel, og verjer må leggje fram politiattest. Statsforvaltaren tilbyr nødvendig opplæring og ser til at du utfører vervet på forsvarleg vis.

 

Vis meir


05.03.2021

I 2021 får dei fleste ei heilt ny skattemelding

Dei fleste lønnsmottakarar og pensjonistar som er elektroniske brukarar får den nye skattemeldinga for inntektsåret 2020. Ei viktig endring er at ikkje alle får skattemeldinga samtidig.


26.02.2021

Innsending av årleg verjeregnskap

Alle verjer med økonomisk mandat skal sende inn fullstendig verjerekneskap til Statsforvaltaren innan 30.april kvart år.


Vi treng fleire verjer!

Statsforvaltaren treng fleire samfunnsengasjerte personar som kan stille som verje i enkelte av våre kommunar.


11.02.2021

E-læringskurs

Alle verger har tilgang til en digital kursplattform ved å logge inn på «Mine vergemål» under www.vergemal.no.


04.02.2021

Fullmakter for tilgang til digitale tjenester på Helsenorge

Innbyggere som ikke selv kan være digitalt aktive, kan nå via fullmakt til nærstående eller pårørende benytte digitale tjenester på Helsenorge. 


22.12.2020

Verjer skal som den klare hovudregel ikkje samtykke til helsehjelp

I samband med planlegginga av vaksinasjonsprogrammet mot Covid-19, har vi mottatt spørsmål frå verjer om dei skal samtykke til vaksinasjon på vegne av den dei er verje for. Det korte svaret er nei.


26.10.2020

Vergens rolle i helsespørsmål

Skal du som verge ha en rolle i spørsmål om vergehavers helse- og behandlingstilbud?

Hvis ditt mandat som verge omfatter personlige forhold oppstår spørsmål om du har en rolle tilknyttet vedkommendes helse‐ og behandlingstilbud. Det er pasient‐ og brukerrettighetsloven, forkortet pbrl., som regulerer dette.


Spørsmål kring skattemeldinga for verjer

Statsforvaltaren ønsker å informere kring to tema når det gjeld skattemeldinga. 


26.03.2020

Retningslinjer for verje sin kontroll av kontantkasse

Alle som forvaltar midlar for personar med verje, skal kunne dokumentere all bruk av personen sine midlar ved å kunne leggje fram kvittering, jamfør verjemålslova § 53 og verjemålsforskrifta § 20. Retningslinjene gjeld alle verjer. Verje er ansvarleg for at alle personar som verje gjev fullmakt til, inkludert  tilsette i institusjon/kommune, og som forvaltar person med verje sine midlar ved å ha disposisjonsrett til konto eller kontantkasse følgjer desse retningslinjene.

 

Det skal føreligge skriftleg fullmakt frå verje om disposisjonsrett til konto og bruk av kontantkasse.


15.11.2019

Kva er verjemål?

Verjemål er ei frivillig ordning for alle som treng hjelp, og som fell inn under vilkåra i verjemålslova.  Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga ein video der vi fortel litt verjemål, kva verjemål er og kven som kan søkje om dette.

 

Har du spørsmål om verjemål etter at du har sett filmen, ta kontakt med ein av oss på verjemålsavdelinga og vi hjelper deg så gjerne.


Kontakt oss

Du kan nå verjemålsgruppa via sentralbordet på tlf. 71 25 84 00.

Dersom du veit kven du skal snakke med, kan du ta direkte kontakt.

Finn ansatte

 

Send sikker melding til Statsforvaltaren
Sikker melding er ei teneste for å sende personsensitiv informasjon på ei kryptert sikker løysing via Altinn

Kva er verjemål?