Viltvenleg slått – berg rådyrkjea

Rådyrkje ligg heilt stille i graset når dei verar fare, og spring ofte ikkje før det er for seint.
Rådyrkje ligg heilt stille i graset når dei verar fare, og spring ofte ikkje før det er for seint. Foto: Wikimedia CC..

Rådyrkje er svært utsett ved slått av eng. I denne artikkelen har vi samla ein del tips til korleis ein kan redusere problemet.

Publisert 03.06.2021

Rådyrkje ligg heilt stille i graset når dei verar fare, og spring ofte ikkje før det er for seint. Kjem dei inn i knivane på slåmaskina blir kjea drept momentant, eller får skader som gir store lidingar før dei døyr.

Det viktigaste er å vere bevisst at det kan ligge rådyrkje i enga. Følg med kor det oftast er rådyrgeiter på teigane, og konsentrer innsatsen hit. Mange slår store areal med stort og hurtig utstyr, og det er store krav til effektivitet.

  1. Følg med! Sjå etter liggegroper og senk farten om du mistenker noko.

  2. Bom med kjetting. Ein bom med kjettingar som heng ut frå fronten av traktoren framfor skåra kan skremme opp rådyrkjea i tide. Sjå lenke til video for demonstrasjon.

  3. Skremmetiltak før slått. Gå rundt i dei prioriterte areala, gjerne med hund, og heng opp noko som kan gjere at rådyrgeita blir utrygg og skyr enga, t.d. plastsekkar, eller plagg med lukt. Interesserte jegerar kan kanskje bidra om du har slike kontaktar. Må gjerast kort tid før slått slik at ikkje geita venner seg til det.

  4. Slå innanfrå og utover – det kan bidra til at rådyra og anna vilt lettare trekker ut av teigen.

  5. Det siste nye er drone med varmesøkande kamera, har du tilgang til slikt er det verdt eit forsøk :-)