Lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal 2021-2022

Bilde: Roy Andersen, NINA
Bilde: Roy Andersen, NINA

I Møre og Romsdal kan det fellast inntil 6 jervar i lisensfellinga som startar 10. september.

Publisert 09.09.2021

I Møre og Romsdal kan det fellast 5 jervar i beiteprioritert område (sone 2 i vedlagt kart). 
Innanfor forvaltningsområdet for jerv kan det fellast 1 jerv (sone 1 i vedlagt kart).

Lisensfellingsperioden for jerv varer frå og med 10. september til og med 15. februar.

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge fatta i møte 21. mai 2021 vedtak om kvote for lisensfelling av jerv 2021/2022. Etter klagebehandling er nemnda sitt vedtak stadfesta i brev av 08.09.2021 frå Klima- og miljødepartementet. I klageavgjerda står det:

Klima- og miljødepartementet opprettholder rovviltnemnda i forvaltningsregion 6 sitt vedtak av 21. mai 2021 om kvote for lisensfelling av jerv i lisensfellingsperioden 10. september 2021 – 15. februar 2022. Departementet har i sin avgjørelse lagt vekt på skadehistorikken og skadepotensialet knyttet til jerv i region 6. Departementet finner at den vedtatte kvoten ikke truer bestandens overlevelse og ikke er til hinder for å nå det regionale bestandsmålet neste år. Departementet understreker samtidig at det stilles krav til stor grad av varsomhet fra rovviltnemnda ved eventuell videre vurdering om bruk av reservekvote. Klagen er ikke tatt til
følge.

Rovviltnemnda sitt vedtak av 21.05.2021 sette kvoten innanfor forvaltningsområdet til 2 jervar. Til fråtrekk frå dette kjem 1 jerv felt på skadefelling 02.08.2021 i Fjord kommune.