Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


29.01.2021

Gaupejakta startar 1. februar

Det kan fellast inntil fire gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.


07.12.2020

Lisensfelling av ulv 2020/2021

Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil to ulvar i Midt-Norge vinteren 2020/2021. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2020 til 31. mai 2021.


10.11.2020

Endra geografisk fordeling av rovvilttap i 2020

Rovvilttapa auka i Surnadal og Tingvoll i 2020, men gjekk ned i Rauma, Fjord og Molde. Samla for fylket er det i år ein liten nedgang i omsøkte tap til rovvilt samanlikna med 2019. 


13.10.2020

Søknad om erstatning for rovviltskade i 2020

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2020. Fristen er 1. november.


15.09.2020

Nye reglar for åtejakt og båsfangst av jerv

Det er no tillate med fast montert kunstig lys på jerveåte, og bruk av viltkamera kombinert med fellevarslar kan erstatte fysisk tilsyn av jervebås.


09.09.2020

Lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal 2020-2021

Det kan fellast inntil 7 jervar i Møre og Romsdal i lisensfellinga som startar 10. september.


31.01.2020

Lisensfellinga av jerv er gjenopna

Rovviltnemnda i region 6 har beslutta å tildele to jervar frå reservekvoten til beiteprioriterte område i Møre og Romsdal.


29.01.2020

Gaupejakta startar 1. februar

Det kan fellast inntil to gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.


09.12.2019

Lisensfelling av ulv 2019/2020

Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil tre ulvar i Midt-Norge vinteren 2019/2020. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2019 til 31. mai 2020.


13.11.2019

Færre søknader om rovviltskadeerstatning i Møre og Romsdal i 2019

Dei førebelse søkartala viser at færre har søkt om erstatning for rovviltskade på sau etter årets beitesesong, men at dei samla tapa ikkje har gått ned.