Vil DU vere med å kartlegge naturen vår?

Alle kan vere med å kartlegge naturen!
Alle kan vere med å kartlegge naturen! Foto: Scanstockphoto.

Naturmangfaldet treng deg! At du registrerer artar er eit viktig bidrag til forvaltninga sitt arbeid med å sikre berekraftig bruk av naturen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.08.2021

Du kan bidra med fersk kunnskap

Forvaltninga er avhengig av fersk kunnskap om kvar ein finn ulike artar og naturtypar. Du kan medverke til dette arbeidet ved å registrere artar du finn i ditt nærmiljø.  Lenger ned i artikkelen finn du ei oversikt over ulike verktøy du kan nytte til registreringane.

Naturmangfald i endring

Naturmangfaldet nasjonalt, internasjonalt og i Møre og Romsdal blir sterkt pressa på fleire område. Både industri, landbruk, havbruk, fiskeri, utbygging, spreiing av fremmande artar og ikkje minst klimaendringar bidreg til endra rammer.

Naturmangfaldet består av mange artar som lever i innfløkte samspel i varierte økosystem, som beveger seg, spreiar seg eller forsvinn.

Kvifor må vi vite?

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og andre forvaltningsorgan må ha desse artane i tankane når vi vurderer for eller i mot inngrep i naturen. Derimot er dette særs vanskeleg om vi ikkje veit kor artane finst.

Ved å registrere artar vert du ein folkeforskar eller folkenaturforvaltar. Du er med på å auke kunnskapsgrunnlaget for utbreiinga av artsmangfaldet i Møre og Romsdal.

Korleis kan DU hjelpe?

Som oftast får forvaltninga kunnskap om viktige naturverdiar gjennom offentlege kart og databasar, som den nasjonale løysninga Naturbase eller GISLink som dekker Møre og Romsdal og Trøndelag. Desse samlar informasjon frå andre databasar som m.a. tilhøyrer Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Havforskingsinstituttet eller kommunane.

Ei anna særleg viktig kjelde er Artskart, som inneheld informasjon frå samlingane til dei naturhistoriske musea, men også informasjon frå privatpersonar som er ute og nyt naturen.

Derfor treng vi hjelp av DEG

  • som er ute i naturen
  • som går tur med hunden
  • lærarar
  • skoleklassar
  • dykkarar
  • fiskarar
  • soppsankarar
  • og andre

Alt du treng er mobil, kamera, nettbrett eller datamaskin.

Det er fleire rapporteringsløysningar som er tilgjengeleg og som sørger for at funn dukkar opp i Artskart:

  • Artsobservasjoner : Artsdatabankens eiga rapporteringsløysning, som finst i to versjonar som er tilpassa PC eller mobil/nettbrett.

  • Artsorakel: Er ein app frå Artsdatabanken som bruker bildegjenkjenning og maskinlæring for å gi deg et forslag på artar i et bilete.

  • Inaturalist.org: Ein brukarvennleg nettside og app som er er tilgjengeleg på norsk (berre bokmål, men ein kan nytta nynorske namn) samt fleire andre språk. Inaturalist føreslår artar som kan vere på bildet ditt via bildegjenkjenning, basert på bilda som allereie finst i databasen. Brukarar bidreg med sin kunnskap for å bekrefte artane.

  • Dugnad for havet: Ein app frå Havforskingsinstituttet laga særleg med tanke på framande artar som spreiar seg langs norskekysten.

  • Artsjakten: Ein app frå SABIMA som hovudsakleg retter seg mot barn, og har som mål å la dei bli kjent med norsk natur.

  • Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tar også imot direkte tips om du finn noko spennande i naturen, særleg om det er noko som er vanskeleg å rapportere i løysningane ovanfor.

Kva artar ser vi etter?

Det vi særleg holdar utkikk etter er raudlista arter, framande arter, men også tilsynelatande «vanlege» arter i lufta, på land, i ferskvatn og i havet.