Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Utenlandsk arbeidskraft til grøntnæringa

Foto: Pixabay.com
Foto: Pixabay.com

Dokumentasjonsordning for grøntnæringa ved behov for utenlandsk arbeidskraft er iverksett.

Publisert 30.03.2021

Fredag 26. mars vart «forskrift om søknad om unntak fra innreiserestriksjonene for utlendinger som er strengt nødvendige for å opprettholde forsvarlig drift i grøntnæringen» vedtatt.

Det ligg god informasjon om reglane på Landbruksdirektoratets heimeside, og på regjeringen.no, sjå lenkjer til høgre. Vi vil framheve at ordninga gjeld berre for grøntnæringa og ikkje for landbruket generelt. Det er Landbruksdirektoratet som administrerer ordninga. Vi oppfordrar alle i grøntnæringa som treng utanlandsk arbeidskraft til å sette seg godt inn i reglane for ordninga, og å gje god informasjon i søknaden.

 

  • Føretak som produserer poteter, grønsaker, frukt eller bær kan søkje om unntak frå innreiserestriksjonane for utlending som er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift innanfor grøntnæringa.
  • Det må sendes eitt skjema per arbeidstakar som skal utføre arbeidsoppgåver som er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift. Søknad skal sendast via Altinn, det kan påreknast svar via Altinn innan 3 dagar.
  • Det er eit vilkår at utlendingen har eit arbeids- eller oppdragsforhold med føretaket som søkjer, at arbeidet må utførast ved opphald i Noreg og at den naudsynte arbeidskraft ikkje er tilgjengeleg i den norske arbeidsmarknaden.
  • Føretaket som søkjer må vere registrert i Enhetsregisteret. Føretak som ikkje er enkeltpersonføretak, må også være registrert i Foretaksregisteret.
  • Landbruksdirektoratet behandlar søknaden.
  • Innreiseløyve gjeld i 30 dagar frå vedtaksdato.
  • Utlendingen må ha med vedtaket frå Landbruksdirektoratet på grensa, enten i papir eller i elektronisk form.
  • Arbeidsgivar må sørgje for at gjeldande smittevernreglar vert overhaldne inkl krav til karanteneopphald.