Kurs i offentleg helsearbeid

Dato:
26. oktober 2021 09:30 - 27. oktober 2021 16:00
Stad:
Scandic Seilet, Molde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
LIS1 og turnusfysioterapeutar

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal arrangerer kurs i offentleg helsearbeid for LIS1-legar og turnusfysioterapeutar i kommunehelsetenesta i Møre og Romsdal.

Publisert 07.07.2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til kurs i offentleg helsearbeid for LIS1-legar og turnusfysioterapeutar i kommunehelsetenesta i Møre og Romsdal. Turnuskiropraktorar kan også melde seg på dette kurset.

Tid: 26.-27. oktober 2021

Stad: Scandic Seilet, Molde

Læringsmål dag 1:

Klagesaker, forsvarlegheit, teieplikt og meldeplikt

Om ettermiddagen deler vi gruppa i to med fysioterapeutane og legane i kvar si gruppe. Fysioterapeutane har tema arbeid med barn og unge i primærhelsetenesta og legane har om regelverk rundt samtykke til helsehjelp.

Mot slutten av dagen samlast gruppene til opplæring om krav til dokumentasjon og journalføring.

Læringsmål dag 2:

Trygdemedisin (sjukemeldingspraksis, uførestønad mm) og dokumentasjonsplikt.

Om ettermiddagen deler vi igjen gruppa i to der fysioterapeutane har tema om hjelpemiddelsentralen og individuell plan, medan legane fortsett med tema om førerkortforskriften og attestar og om psykisk helsevernloven.

Økonomi: Kurset er gratis. Reiseutgifter dekkjast etter billegaste reisemåte.

Deltaking:

  • Du kan delta begge dagane inkludert overnatting og alle måltid.
  • Du kan delta begge dagane i dagpakke inkludert lunsj.
  • Om du i tillegg har behov for ekstra overnatting 25.-26. oktober, må du sjølv kontakte hotellet for bestilling og betaling. Denne overnatting dekkjast ikkje av Statsforvaltaren.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 1. oktober 2021. Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 85 11.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

 

Påmelding

Stilling
Deltaking
Dato:
26. oktober 2021 09:30 - 27. oktober 2021 16:00
Stad:
Scandic Seilet, Molde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
LIS1 og turnusfysioterapeutar